Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Forteljinga om mediekvardagen min

Skriv ei kort forteljing om mediekvardagen din frå du står opp om morgonen, til du legg deg om kvelden.
Ein ung gut skriv på ein berbar PC i eit klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein heilt vanleg dag

Ola, 17 år, vaknar av at mobilen hans pip klokka 07.00. Han oppdaterer seg raskt på dei siste nyheitene på VGs nettavis før han går på badet. Når han kjem tilbake, les han ein sms frå mor, som er på seminar. Ho minner han på at han må hugse å ta med seg treningstøy, sidan han har fotballtrening rett etter skuletid.

Så sjekkar han nye statusoppdateringar på Instagram og TikTok, og kor mange likes han har fått på det biletet han la ut før han sovna i går kveld. Han registrerer at Ida i parallellklassen har merkt biletet med eit raudt hjarte.

Bestekameraten har logga inn på ei lukka gruppe og bede om hjelp med matteoppgåva dei skal ha løyst før 5. time. Han kopierer inn sitt eige løysingsforslag. Før han må springe til bussen, spør han om kompisen òg skal på trening seinare i dag.

Mens han sit på skulebussen, lyttar han til ein podkast han følgjer med på, om økonomien i engelske fotballklubbar, og han får ei melding frå Ida, som lurer på om han har nokon planar i kveld. Han får akkurat tasta eit kort svar før han går av bussen.

Skriv ei forteljing om medievanane dine

I denne teksten kan du lese om Olas mediekvardag før han kjem på skulen. Men då er dagen hans så vidt begynt, og mykje skjer før dagen er omme.

Korleis er mediekvardagen din?

Skriv ei liknande forteljing om mediebruken din ein heilt vanleg dag frå du vaknar om morgonen, til du sovnar om kvelden. Alternativt kan du fortelje historia i form av ein podkast eller ein enkel mobilfilm.

Forteljinga om Ola har ein enkel, refererande form. Bruk gjerne nokre forteljartekniske verkemiddel som gjer historia di meir spennande for andre.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2020

Læringsressursar

Mediebruk og medievanar