Oppgave
Fordjup deg i statistikk og mediebruk
I denne oppgåva skal du fordjupe deg i statistikk om mediebruk i Noreg i dag, som er henta frå tilgjengelege data frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Studer Statistisk sentralbyrås faktaside om mediebruk.
- Kva kan denne sida fortelje deg om utviklinga i mediebruken i Noreg dei siste 30 åra?
- Plukk ut dei tre viktigaste tendensane ved utviklinga i mediebruken dei siste 30 åra. Forklar kvifor du har valt nettopp desse tre.
- Korleis vil du forklare desse endringane i mediebruken?
- Diskuter det du har komme fram til, med ein medelev. Del deretter tankane de har gjort dykk, med resten av klassen.
I denne oppgåva skal du øve deg på å jobbe med statistikk. Du skal sjølv velje ut ulike variablar som år, medietype, kjønn og alder.
- Ta utgangspunkt i statistikkbanken frå Norsk Mediebarometer. Først gjer du deg kjend med denne statistikkbanken for å sjå kva moglegheiter som ligg i han.
- Deretter lagar du ei problemstilling som du ønsker å finne svar på. Eit døme på ei slik problemstilling kan vere: Kor mykje tid brukte kvinner i aldersgruppa 16–24 år på digitale spel i 2015 og i år?
- Presenter problemstillinga di for ein medelev. Diskuter dykk fram til ei felles problemstilling som de ønsker å utforske saman.
- Bruk data i statistikkbanken til å belyse eller svare på problemstillinga.
- Del det de har funne ut, med resten av klassen.