Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Bruk ytringsfridommen din

I denne oppgåva skal du bruke ytringsfridommen din ved å formulere ei meiningsytring. Målet er at du skal få fram meiningane dine og skape debatt. Du vel sjølv mediekanal for ytringa.

Person som held ein TV-skjerm med bilete av ei jente. Foto.

Vel eit tema du er engasjert i

  1. Innlegget kan vere skriftleg, videobasert eller lydbasert.
  2. Kven er målgruppa for meiningsytringa? Korleis kan du engasjere målgruppa og skape debatt?
  3. Vel ein mediekanal for ytringa. Det kan til dømes vere ei nettavis eller ein blogg. Innlegget kan òg publiserast på Facebook viss du tenker det er ein relevant kanal for målgruppa di. Eit video-innlegg på YouTube eller eit lydbasert podcast-innlegg er òg alternativ du kan vurdere.
  4. Gjer research og set deg godt inn i temaet du skal ytre deg om.
  5. Produser innlegget ditt tilpassa kanal. Ver tydeleg og sakleg når du presenterer argumenta dine. Skap interesse og bidra til debatt.
  6. HUGS. Du skal ta ytringsansvar i dette innlegget. Ytringsfridommen medfører plikter og ansvar. Ytringsansvar handlar om å ta ansvar for ytringane sine og vere klar over at nokre ytringar kan verke krenkjande på andre.
  7. Avtal levering av arbeid og eventuelt publisering med læraren din.

Til refleksjon

  • Trur du innlegget ditt vil føre til debatt? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Kva omsyn har du tatt med tanke på ytringsansvar i dette innlegget?
  • Korleis kan du bruke ytringsfridommen aktivt og samstundes redusere risikoen for at andre blir krenkte?


CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2019

Læringsressursar

Ytringsfridom og ytringsansvar