Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Grenser for ytringsfridom

Aksjonar der ytterleggåande aktivistar brenn Koranen, har aktualisert debatten om kor grensene for ytringsfridom går. Er ytringsfridom det same som rett til å trakke på det som er heilagt for andre? Og bør ein tillate alle ytringar, utan omsyn til dei konsekvensane dei kan få?

Studer kjeldene

Oppgåve: Rollespeldebatt om grenser for ytringsfridom

Lag eit rollespel som er organisert på same måte som eit debattprogram på TV.

Roller:

  • tre "fagpersonar" (for eksempel redaktør, jurist, religionsvitar) (paneldeltakarar)
  • tre "politikarar" (for eksempel frå Ap, KrF og FrP) (paneldeltakarar)
  • eventuelt tre personar som representerer "folkets røyst" (ein ungdom med muslimsk bakgrunn, ein ungdom med ikkje-muslimsk bakgrunn, ein pensjonist) (som vert intervjua blant publikum)
  • 1 "programleiar"
  • eventuelt to fotografar og ein lys- og lydansvarleg dersom de vel å filme debatten

Resten av klassen kan stille spørsmål til paneldeltakarane.

Framgangsmåte:

1. time: Førebuing

Sjå innslaget frå Dagsrevyen og les nyheitssakene på nrk.no. Bruk gjerne også fleire kjelder til å førebu argumentasjonen til rollefiguren din. Skriv ned stikkord som du kan bruke i innlegget ditt, eller dei spørsmåla du vil stille til panelet.

Programleiaren bør snakke med paneldeltakarane på førehand og avklare kor lang tid kvar paneldeltakar kan bruke på innlegg, og planleggje tida slik at alle partar kjem til orde.

2. time: Rollespel

Gjennomfør debatten i klassen.

Dersom de vel å filme debatten, bør eitt kamera vere retta mot den som til kvar tid har ordet. Det andre kameraet bør fange opp reaksjonar hos andre paneldeltakarar eller hos publikum.

Hugs at debatten skal vere seriøs og sakleg, og at du skal lytte til og vise respekt for synspunkta til dei andre. Innlegga bør vere korte og argumentasjonen gjennomtenkt.

Heimelekse: Etterarbeid (1 time)

  • Skriv eit refleksjonsnotat der du referer ulike synspunkt i debatten. Vurder om argumenta held, i lys av det du veit om menneskerettar, ytringsfridom og trykkjefridom i Noreg.
  • Lag ei kort TV-melding av debatten ut frå dei forventningane du har til dette programformatet.
  • Dersom de har valt å filme debatten, bør ei gruppe få i oppgåve å redigere opptaket og dele videofila med resten av klassen.

Tips til eigenvurdering

  • Brukte du førebuingstida effektivt?
  • Var du aktiv i rollespelet?
  • Lytta du til argumenta frå dei andre?
  • Hadde du nok fagleg innsikt til å få fram synspunkta til rollefiguren din på ein overtydande måte?
  • Har du fått med alle viktige argument i refleksjonsnotatet?
  • Har du sjekka om innhaldet i TV-meldinga di er i tråd med det som er vanleg for denne sjangeren?

Relatert innhald

I eit demokratisk samfunn har alle lov til å ytre seg. Media har eit spesielt ansvar for å informere om det som skjer, og for å avsløre maktmisbruk.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 20.02.2018

Læringsressursar

Ytringsfridom og ytringsansvar