Oppgåve
Ytringsfridom og demokrati
Tenk deg at statsministeren i Noreg underslår mange millionar av skattepengane våre og gøymer dei på ein hemmeleg konto i utlandet. Mange journalistar veit om dette, men har ikkje lov til å fortelje det vidare til innbyggjarane. Slik er det i land utan trykkjefridom.
Sjå videoen om ytringsfridom som TV 2 har produsert for Kampanje for journalistikk.
- Kva er sensur? Forklar omgrepet.
- Kva seier den norske grunnlova om ytringsfridom og trykkjefridom?
- Kven bestemmer kva media kan publisere i Noreg?
- Kvifor er ei fri presse viktig for demokratiet?
- Kvifor er mediemangfald viktig?
- Under andre verdskrigen måtte nesten alle familiar i Noreg levere inn radioapparata sine. Kvifor var det forbode for nordmenn å ha radio under andre verdskrigen?
- Fleire land har dei siste åra forsøkt å sperre tilgangen til sosiale medium som Facebook, Twitter og YouTube. Kvifor gjer dei det? Søk på Internett etter svar på dette spørsmålet.
- Diskuter i klassen: Kva problem ville de få dersom dei som bestemte i Noreg, nekta alle tilgang til radio, TV, Internett og mobiltelefon?
Retten til å ytre seg er avgrensa i straffeloven § 185. Den vernar einskildpersonar mot hatefulle ytringar.
- Kva grupper i befolkninga er verna i denne lovparagrafen?
- Kvifor trur du nettopp personar som tilhøyrer desse gruppene, har særskilt vern?
- Mange nettaviser har i det siste stengt kommentarfelta for anonyme kommentarar. Korleis grunngir dei det?
- I 2015 forsøkte PST å beslagleggje noko av kjeldematerialet til filmskaparen Ulrik Imtiaz Rolfsen. Kva handla denne saka om, og korleis grunngav PST krava sine?
- Rolfsen vann over PST i Høgsterett. Sentralt i denne saka stod prinsippet om kjeldevern. Kvifor er kjeldevern viktig for ytringsfridommen?
- Diskuter i klassen: Kva andre forhold kan truge høva til å ytre seg fritt i Noreg i dag?