Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er psykisk helse?

Psykisk helse handlar om korleis vi har det med oss sjølve, og korleis vi taklar opp- og nedturar i livet. Vi har alle ei psykisk helse, og det er mykje som påverkar ho på godt og vondt.
Ei jente held opp ei teikning av to auge. Foto.

Helsa vår seier noko om korleis vi har det, om vi er friske eller sjuke eller noko midt imellom. Vi kan sjå for oss helse som ei linje med "velvære" på den eine sida og "sjukdom" på den andre, og så kan vi tenkje oss at vi gjennom livet stadig rører oss mellom desse to ytterpunkta både fysisk og psykisk.

Helse er ikkje berre det å vere frisk eller sjuk, men handlar òg om det som skjer inni oss: tankane våre, kjensler og korleis vi opplever kvardagen. Med andre ord kan helsa vår vere både synleg og usynleg for andre.

Tenk etter

Kva påverkar den psykiske helsa di positivt og negativt?

Tre ungdomar, to jenter og ein gut, sit ved ei elv i sola. Den eine jenta snur seg og ser i kameraet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis heng fysisk og psykisk helse saman?

Ein kan seie at psykisk helse er den kjenslemessige og mentale delen av helseomgrepet – altså den delen av helsa som handlar om tankar og kjensler. Psykisk helse seier noko om korleis vi held oss til og handterer kjenslene og tankane våre, òg i relasjon til andre. Psykisk helse er altså ikkje berre kva vi føler og korleis vi har det, men korleis vi klarer oss i livet, særleg når det er vanskeleg.

Psykisk og fysisk helse heng saman og er på mange måtar to sider av same sak. Ofte kan det vere vanskeleg å skilje dei frå kvarandre. Når vi har vondt i kroppen, kan det gå utover psyken. Når vi ikkje har det godt psykisk, kjenner vi det ofte i kroppen. Vi veit ikkje alltid om smerter og ubehag har eit fysisk eller psykisk utgangspunkt, eller kanskje begge delar.

Døme på korleis den fysiske og den psykiske helsa påverkar kvarandre
  • Viss du er engsteleg for noko, er det vanleg å kjenne at du til dømes blir stiv i nakken, kvalm eller får vondt i magen.

  • Viss du til dømes får influensa, er det ikkje så rart om du òg blir litt nedfor psykisk, når du har smerter i kroppen og må halde deg unna venner og fritidsaktivitetar.

  • Viss du er veldig trist, kan du til dømes kjenne at du blir kraftlaus, trøytt og mistar matlysta.

  • Når du er svolten og blodsukkeret er lågt, blir du ofte lettare irritert og sint.

Korleis blir psykisk helse definert?

Både helse og psykisk helse kan definerast på ulike måtar. Store medisinske leksikon definerer psykisk helse som vår oppleving av trivsel til ei kvar tid. Trivsel seier noko om korleis vi har det. Korleis vi har det, blir påverka av korleis vi handterer utfordringane i livet, og korleis vi samhandlar med andre. Trivsel er heller ikkje noko vi har full kontroll over sjølve. Samfunnet vi lever i, miljøet i klassen og forholdet til dei vi er glade i, vil påverke trivselen vår og dermed den psykiske helsa vår.

Sjølvkjensle

Sjølvkjensle er grunnsteinen i den psykiske helsa vår og er viktig for korleis vi har det. Sjølvkjensle handlar om kva vi føler og synest om oss sjølv som person. Viss vi har god sjølvkjensle, kjenner vi oss stort sett verdifulle uansett om vi meistrar eller feilar.

Viss vi har dårleg sjølvkjensle, har vi eit negativt syn på oss sjølve. Dette gjer oss meir sårbare for psykiske vanskar. Dårleg sjølvkjensle kan føre til sjølvplaging. Det kan òg vere til hinder for gode venskap fordi vi blir redde for å seie kva vi meiner i frykt for å bli avviste.

To hender held rundt kvarandre. Foto.

Kva påverkar den psykiske helsa vår?

Korleis vi lever livet vårt, påverkar helsa vår både positivt og negativt. Uansett om vi har god eller dårleg helse, så er helse noko alle har og alle må hanskast med. Dette gjeld både den fysiske og den psykisk helsa.

Viss vi til dømes stressar mykje og ikkje et eller søv nok, vil det over tid påverke helsa vår både fysisk og psykisk. Vi kan få fysiske reaksjonar som kvalme, smerter i kroppen og utmatting. Psykiske reaksjonar kan til dømes vere frykt, å vere trist og å ha problem med å kontrollere sinne. Det same gjeld viss dei vi er glade i, gjer oss vondt, eller vi blir utsette for mobbing, vald eller overgrep. Dårleg råd og foreldre eller søsken som strever med si eiga helse, vil òg vere faktorar som kan påverke den psykiske helsa vår.

Fem ungdomar går side om side på gata. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne artikkelen er skriven av VIP Psykisk helse i skolen

Kjelder

Andersen, A. J. W. (2018). Psykisk helse. I Store medisinske leksikon. Henta frå https://sml.snl.no/psykisk_helse

Antonovsky, A. (2012). Helsens mysterium. Den salutogene modellen. Oslo: Gyldendal akademisk.

Bakken, A. (2019). Ungdata 2019. Nasjonale resultater (NOVA rapport 9/19). http://www.forebygging.no/Global/Ungdata-2019-Nettversjon.pdf

Braut, G.S. (2020). Helse. I Store medisinske leksikon. Henta frå https://sml.snl.no/helse

Skoleprogrammet VIP (2017). Sånn er livet. Elevhefte til gjennomføring av VIP.

CC BY-SASkrive av Jorid Bakken Steigum.
Sist fagleg oppdatert 13.04.2021

Læringsressursar

Fysisk og psykisk helse