Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Drøft samanhengar

I denne oppgåva skal du drøfte samanhengar mellom bevegelse, kropp, trening og helse i samfunnet.
Kvinne i treningsklede tøyer ut. Foto.

Her skal du jobbe med eit valt tema knytt til bevegelse, kropp, trening og helse. Du skal sjå dette i samanheng med dagens samfunn og samfunnsutviklinga. Du skal òg diskutere og drøfte temaet i ei gruppe med medelevar.

Å drøfte betyr å belyse ei sak frå ulike sider og kunne argumentere både for og imot.

  1. Sjå på ressursane under og vel deg eit tema du ønsker å fordjupe deg i.

  2. Gå saman i grupper. Drøft/diskuter ulike utfordringar knytte til det valde temaet. Start gjerne med ei idémyldring. Noter stikkord undervegs. Prøv å sjå ulike sider av saka og å argumentere både for og imot.

  3. Sjå på samanhengar. Korleis heng temaet dykkar saman med

    1. helse

    2. kropp

    3. trening

    Sjå dette i samanheng med drøftinga frå oppgåve 2.

  4. Gruppa skal no presentere det de har komme fram til i oppgåve 2 og 3. De kan sjølve velje om de vil lage ein video, ein podkast eller ei lydfil der de får fram ulike synspunkt og samanhengar knytte til det valde temaet. Presentasjonen skal leverast inn. Her kan de til dømes samarbeide med norskfaget.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2022

Læringsressursar

Fysisk og psykisk helse