Hopp til innhald

Fagstoff

Livsstil

Kvar einaste dag må du ta ei rekke val frå du står opp om morgonen til du legg deg om kvelden. Livsstil er summen av alle vala du gjer.
Mann med skjorte og slips ligg i graset og lukkar auga. Det er ein berbar pc ved sida av han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi har mange val

Når vekkarklokka ringer på morgonen, har du eit val om å stå opp eller å bli i senga. Før du dreg på skulen, har du eit val om du skal ete frukost eller ikkje. Om du vel å ete frukost, må du òg velje kva du vil ete til frukost. Vidare må du velje korleis du skal komme deg til skulen. Skal du ha ein aktiv transport der du går eller syklar, eller skal du ta bussen eller køyre bil? Slik held det fram gjennom dagen. Alle desse vala du må ta, påverkar livet ditt. Du kan gjere både gode og mindre gode val. Nokre val kan bety mykje for helsa di, mens andre val ikkje har så store konsekvensar.

Mange vil påverke

I Noreg har vi mange valmoglegheiter, og det er mange som prøver å påverke korleis vi skal leve liva våre. Familie og vener påverkar oss. Marknadskrefter og dei som leverer varer og tenester, ønsker òg å påverke oss. Vi blir ofte eksponerte for reklame for produkt knytte til trening, fysisk aktivitet og kosthald. Reklame dukkar opp på sosiale medium, i bloggar eller på nettsider vi bruker hyppig. Treningsutstyr, treningstøy, proteinpulver, energidrikk, energibarar og supermat er nokre døme på slike produkt. Spesielt er det mykje skjult reklame i bloggar og sosiale medium, der ikkje alle er like nøye med å merke innhaldet.

Tenk etter

Har du lagt merke til slik reklame som er nemnd over, til dømes på Instagram, YouTube eller på ein blogg?

Kosthald

Kosthaldet er ein del av livsstilen og kan ha stor betydning for helsa. Mange ønsker å påverke kva vi skal ete, men kan vi ikkje berre ete akkurat det vi har lyst på?

Kroppen vår kan samanliknast med ein bil som køyrer rundt heile døgnet. Sjølv når vi er i ro, sit bak pulten på skulen eller søv, jobbar kroppen. Etter nokre timar treng kroppen påfyll med energi i form av mat og drikke. Den typen mat og drikke vi vel å ete, er av betydning for energinivået vi får etter måltidet. Det blir akkurat som med bilen. Bilen treng drivstoff, og fyller vi feil drivstoff, vil han til slutt stoppe opp. Vi har med andre ord eit val når det gjeld kosthald òg. Det betyr ikkje at vi aldri bør ete søtsaker eller potetgull, men at vi må finne ein balanse mellom inntak av sunn og usunn mat. Om vi stort sett har eit variert og næringsrikt kosthald, kan vi unne oss søtsaker innimellom. Les meir om kosthald i fagartikkelen "Kostråd – presentasjon".

Nøkkelholet-logoen: Ein grøn sirkel med eit kvitt nøkkelhol inni. Illustrasjon.

Matmerking

For å hjelpe oss med å ta val som er bra for helsa vår, har styresmaktene i samarbeid med forskarar og matvarebransjen utvikla merking med symbol vi kan sjå etter når vi skal handle mat. Nøkkelholsmerket og Brødskalaen er døme på slike symbol. Produkt med Nøkkelholet er det sunnaste alternativet i ei matvaregruppe. Det kan kanskje vere litt rart at til dømes Pizza Grandiosa har fått eit nøkkelhol på seg? Det kjem av at pizzaen med Nøkkelholet er den sunnaste varianten i matvaregruppa frosenpizza.

Fire sirklar som er merkte med høvesvis fint, halvgrovt, grovt og ekstragrovt. Alle har påskrifta Brødskala'n. Sirklane er delt i fire, og delane er fargelagde raude etter kor grovt brødet er. Fint har éin raud del, halvgrovt har to raude delar, grovt har tre raude delar, og på ekstragrovt er alle dei fire delane raude. Illustrasjon.

Brødskalaen er ei merking for mjøl- og bakarvarer som seier noko om kor mange prosent med heile korn, kli og sammale mjøl det er i eit brød. Jo grovare brødet er, jo meir kostfiber har det. Kostfiber gir ein ei kjensle av mette, er bra for fordøyinga og held blodsukkeret meir stabilt enn brød og kornprodukt med ein større prosent fint mjøl. I tillegg inneheld grove kornprodukt fleire typar mineral som kroppen treng for å fungere godt.

Tenk etter

Ser du etter Nøkkelholet og Brødskalaen når du handlar?

Fysisk aktivitet

Ein fysisk aktiv eller ein fysisk inaktiv livsstil er òg eit val. Vi må sjølve velje om vi skal vere i fysisk aktivitet eller ikkje. Fysisk aktivitet er all aktivitet som aukar pulsen og aktiverer dei store muskelgruppene. Det betyr alt frå fysisk arbeid, mosjon, idrett, leik, trening og kroppsøving. Regelmessig fysisk aktivitet bidreg til betre humør, betre søvn, auka blodsirkulasjon, sterkare hjarte og sterkare musklar. Dersom ein er aktiv saman med andre, blir det både sosialt og enklare å komme seg ut.

Helsedirektoratet tilrår at vi går 10 000 skritt om dagen. Dette er eit enkelt mål på å få inn tilstrekkeleg mengde fysisk aktivitet i kvardagen. Forsking tyder nemleg på at dei som går mest, lever lengst. Det er ikkje sikkert at akkurat 10 000 skritt er nødvendig, men jo meir og jo oftare du går, jo betre er føresetnadene for ei god helse. I fagartikkelen "Fysisk aktivitet" kan du lese meir om dette.

Søvn

Søvn er eit grunnleggande behov og heilt nødvendig for at vi skal få kopla av og kvilt, og for at hjernen kan omarbeide inntrykk etter ein hektisk dag. Når vi søv, blir mengda stresshormon i kroppen redusert, og stoffskiftet går i kvilemodus.

Søvnbehovet varierer noko frå person til person, men for ungdomar er tilrådingane åtte–ti timar i døgnet. Forsking viser at mykje tid framom skjerm, som nettbrett, pc, tv eller mobiltelefon, på kveldstid kan gjere det vanskeleg både å komme seg i seng og å få sove. Det blå lyset frå skjermen forstyrrar nemleg produksjonen av søvnhormonet melatonin og gjer at ein blir mindre trøytt om kvelden.

Slik er søvn òg ein del av livsstilen. Då søvnbehovet er individuelt, må kvar og ein sørge for å få nok søvn som passar til aktivitetsnivået sitt. Hugs at trening krev , og for å få ein god restitusjon treng vi mellom anna meir søvn.

Stress

Bruk av rusmiddel

Alkohol er for mange noko ein assosierer med fest, moro og kos, og som ein drikk ein gong iblant. Når vi drikk alkohol, blir hjernen sløv, noko som er grunnen til at vi slappar meir av. I mange sosiale lag er alkohol eit naturleg innslag. Det får oss til å kjenne tilhøyrsel og at vi er ein del av ei gruppe.

Somme bruker alkohol fordi det får dei til å slappe av eller "gløyme" vanskar. På lang sikt kan dette bli problematisk. Tida med alkohol, fest og moro kan sakte, men sikkert bli ein litt for stor del av kvardagen. Det går umedvite frå å vere noko som skjer ein gong iblant, til at det over tid blir fleire dagar i veka med alkohol enn utan. Alkohol er avhengnadsskapande, det betyr at ein kan bli avhengig av det. Ved avhengnad mistar personen styringa over sitt eige forbruk. Menneske som misbruker alkohol, har høg risiko for å få skadar på livsviktige organ som lever og hjerne. Har du eller nokon du kjenner utfordringar på grunn av alkohol, kan du ta kontakt med Rustelefonen eller Av og til.

Røyking og snus er noko mange startar med i ungdomsåra. Somme startar av sosiale grunnar, fordi dei blir tilbodne det av nokon dei kjenner. Andre startar fordi dei er nysgjerrige og ønsker å teste ut nye ting. Dei siste åra har mengda røykarar gått ned, mens mengda snusarar har gått opp. Nikotin er, som alkohol, avhengnadsskapande. Om ein kjenner ei uro i kroppen når ein ikkje snuser eller røyker, kan dette vere eit teikn på byrjinga på avhengnad.

Snus og røyk inneheld begge nikotin, og dette påverkar blodsirkulasjonen og luftvegane negativt. Ved langvarig bruk er risikoen høg for å få misfarga tenner, øydelagde i luftvegane, , hjarte- og karsjukdomar og kreft. Det er i tillegg ei sosial og økonomisk belastning.

Tips for ein sunn livsstil
  • Gjer ting du liker, og som gjer deg glad.

  • Ha eit variert kosthald, men unn deg søtsaker innimellom.

  • Sett av tid til fysisk aktivitet, og finn ein god balanse mellom arbeid, trening og kvile.

  • Gjer ting saman med andre.

  • Strukturer kvardagen din, og ikkje utsett gjeremåla.

  • Ha god døgnrytme, og få nok timar søvn.

  • Reduser skjermbruken, spesielt før leggetid.

  • Unngå røyking, snus og narkotiske stoff.

  • Drikk lite alkohol.

Finn ein balanse, og skap trivsel i kvardagen, slik at du kan ta vare på deg sjølv!

Kjelder

Jakobsen, S. E. (2020, 8.juni). Hvor mange skritt bør vi gå hver dag? forskning.no. https://forskning.no/trening/hvor-mange-skritt-bor-vi-ga-hver-dag/1694822

Helsenorge (2019, 2. januar). Hva fysisk aktivitet gjør med kroppen. https://helsenorge.no/trening-og-fysisk-aktivitet/hva-fysisk-aktivitet-gjor-med-kroppen

Norsk helseinformatikk (2020, 13. mai). Hva er søvn? https://nhi.no/kroppen-var/funksjoner/hva-er-sovn/

Opplysningskontoret for brød og korn (2017, 16. mars). Gå for grovt! https://brodogkorn.no/fakta/ga-for-grovt/

Ung.no (2010, 2. november). Hvorfor bruker folk egentlig snus? https://www.ung.no/oss/rusmidler/52419.html21

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly, Camilla Øvstebø, Tove Bostad, Hege Nikolaisen og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Fysisk og psykisk helse