Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk temaet trening, kropp og doping

I denne ressursen skal du fordjupe deg i tema knytte til trening, kropp, kroppspress, doping og kosttilskot.
Sprøyte og piller. Ein silhuett av ein person som løftar ei vektstong i bakgrunnen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Individuelt

  • Kva er forskjellen på kosttilskot og doping? Lag din eigen definisjon på dei to omgrepa.

  • Kva haldningar har du til kosttilskot og til doping?

  • Kva haldningar har familie og venner til kosttilskot og doping?


Oppgåve 2. To og to

Gå inn på eit valfritt sosialt medium. Observer dei ulike reklamane de ser.

  • Får de opp reklame for produkt som er knytte til kropp?

  • Kva "lover" reklamen?

  • Kven har produsert reklamane?

  • Kven reklamerer for produktet? Kva kompetanse har dei?

  • Kva tenker de om slik reklame?

Oppgåve 3. Gruppe

Vel ei av oppgåvene under og diskuter ho i gruppa.

  1. Kva tenker de om den følgande påstanden: "Alle som ser bra ut, går jo på eit eller anna." Er det mogleg å oppnå resultat utan å dope seg?

  2. Kva tenker de om den følgande påstanden: "Det er kroppen min, dette gjeld berre meg." Er det greitt å gjere som ein sjølv ønsker med kroppen sin?

  3. Er det forskjell på å dope seg når ein driv med organisert aktivitet, og når ein ikkje gjer det?

  4. Kva er ein god rollemodell? Gi døme på personar de meiner er gode og dårlege rollemodellar. Grunngi svaret.

  5. Kor stor risiko er de villige til å ta for å oppnå resultat/framgang i treninga når det gjeld kosttilskot? Les gjerne fagartikkelen "Treng eg kosttilskot?"

Oppgåve 4. Lytt til podkasten

Programleiar Jonis Josef poserer smilande framfor eit mikrofonstativ. Foto.

Kven dopar seg, eigentleg? Går det an å bli sterk utan å dope seg? Kva er "Reint Senter"? Dette og meir vil du få svar på om du lyttar til denne episoden av "Kva veit eg?". Gjesten i denne episoden er...

0:00
-0:00

Oppgåve 5. Svar på spørsmål til podkasten

  1. Beskriv det du hugsar best frå denne podkastepisoden. Kvifor trur du at du hugsar dette best? Del dette med ein medelev.

  2. Kva fordelar og ulemper er det ved bruk av doping?

Oppgåve 6. Kva gjer du?

Du mistenker at nokon du kjenner bruker doping. Kva gjer du dersom det er

  • kjærasten din, kameraten din eller venninna di

  • ein medelev

  • ein du kjenner litt frå treningssenteret du trenar på


Oppgåve 7. Paneldebatt om doping som samfunnsproblem

Del dykk inn i sju grupper med tre–fire personar på kvar gruppe. Kvar gruppe får tildelt ei av rollene under. Gruppa skal førebu denne rolla saman ved å finne informasjon og formulere argument som passar til skildringa av personen. Ver kritiske til kjelder og noter gjerne kva kjelder de bruker i førebuinga. De skal velje ut ein person frå gruppa som skal delta i paneldebatten.

Dei som ikkje deltek i debatten, er publikum.

Debattleiar

Du er leiar i ein debatt som klargjer temaet "doping som samfunnsproblem". Hovudspørsmålet er: Er doping eigentleg farleg? De skal òg ta for dykk korleis samfunnet bør handtere auka dopingbruk blant unge.

Du leier diskusjonen. Sørg for at alle får ordet, og still interessante spørsmål til alle deltakarane. Målet er å skape diskusjon. Du er oppriktig interessert i temaet og ønsker at publikum skal få gode svar. Du er verken for eller imot bruk av doping; oppgåva di er å klargjere temaet frå ulike vinklar.

Lege med andrologisk kompetanse

Du har erfaring med behandling av personar med biverknader etter bruk av anabole steroid. Erfaringa di gjer at du meiner at brukarane må få hjelp. Det nyttar ikkje å straffe folk. Problema deira må bli behandla, og du går gjerne på kant med lovverket for å hjelpe folk som faktisk treng hjelp. Du viser ikkje vidare til spesialistar som psykolog eller andre innan helsevesenet – du ryddar opp sjølv. Du er ikkje for bruk av doping, men ønsker å hjelpe dei som har brukt. Du er veldig energisk.

Tidlegare brukar av AAS

Du brukte AAS i 5 år. Du har eigentleg trivest med dopingbruken din og har ikkje opplevd "så mykje" negativt. Du er mest oppteken av at politiet fekk deg dømd for bruk av dopingmiddel, noko som inneber at du i dag ikkje får visum til USA (og du som hadde tenkt å dra på bryllaupsreise dit). I tillegg har du søkt studieplass på Politihøgskolen, men på grunn av dopingdommen fekk du avslag. Du kjenner deg generelt urettferdig behandla og har lite til overs for korleis tidlegare brukarar blir behandla i samfunnet. Særleg er du skeptisk til Politiet og helsevesenet, med unntak av legar som bryt lova og faktisk hjelper brukarane.

Ung person som vurderer å starte med AAS

Av ulike grunnar kjenner du deg utanfor, du er ifølge deg sjølv ikkje så flink i sosiale settingar, men på treningssenteret har du funne nye venner som har introdusert deg for dopingmiddel. Du liker å trene og er nysgjerrig på dette med doping. Du bruker kvart høve til å spørje "dei som har peiling", til dømes tidlegare dopingbrukarar. Kva vil dei tilrå? Kva preparat er det fornuftig å starte med? Kvifor tilrår dei nettopp det? Kan doping vere så farleg, då? Du er nysgjerrig, men blyg.

Politi

Du jobbar i politiet, og gjennom jobben din ser du korleis doping bidreg til meir kriminalitet. Du er skuffa over den svake evna politikarane har til å setje av pengar til førebygging. Du meiner førebygging er det einaste rette for å unngå at ungdommar tek "dårlege val" – det nyttar liksom ikkje med straff. Du har ein karriere i Forsvaret og ber preg av det. Du er tydeleg og kortfatta og kastar ikkje bort tida på småprat.

Idrettsutøvar

Du tek tydeleg avstand frå doping og ser ingenting positivt med det. Det øydelegg menneske og moglegheiter og bør straffast så hardt som mogleg, både innan idretten og i samfunnet elles. Du har sjølv opplevd å få gullmedaljen i posten tre månader etter meisterskapen. At ein juksemakar har teke frå deg gleda ved å krysse målstreken først, stå øvst på pallen og bli hylla, har du ikkje komme over. Du er forbanna, nærast hemnlysten.

Personleg trenar på treningssenter

Du jobbar som personleg trenar (PT) på eit stort lokalt treningssenter. Eigaren påstår at det ikkje finst dopingbrukarar på senteret, noko du meiner er naivt å tru. Sjølv om du skjønner at du ikkje kan seie det høgt eller offentleg, er haldninga di at "rett bruk" av doping er fornuftig og må reknast som hjelp i treningsarbeidet. Du er for bruk av doping, men seier det ikkje direkte. Derimot har du ingen problem med å tilrå kundane dine å starte med doping.

Aktuelle kjelder

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly og Antidoping Norge. Rettshavar: Antidoping Norge
Sist fagleg oppdatert 15.06.2022

Læringsressursar

Kropp