Rettleiing
Talkode
I denne hurtigheitsøvinga trener du både på reaksjonshurtigheit og samarbeid.
Elevane skal jobbe i par. Para står på linje. Begge i paret står oppreist på to linjer, ein framfor den andre. Det blir gitt øvingar knytte til talkodar, til dømes 1 = skifte plass ståande, 2 = skifte plass ved at den bakarste kryp fram mellom beina på makkeren, 3 = skifte plass ved at den bakarste hoppar bukk over den fremste. Det går også an å ha andre øvingar.
Talseriar kan brukast, til dømes 3–1–2. Elevane skal då gjere alle øvingane i den gitte rekkjefølgja. Det paret som er raskast, til dømes tre gonger, vinn leiken