Hopp til innhald

Fagstoff

Bioenergi

Bioenergi finst i ulike former: ved, pellets, flis, halm, torv, gjødsel, planteoljer og biogass frå gjødsel. Bioenergi er fornybar energi.

Den første energikjelda menneska tok i bruk, var truleg trevirke, som dei brende for å laga mat og produsera varme. Ved er framleis ei viktig varmekjelde for mange, men i dei seinare åra har flis og pellets vorte stadig meir aktuelt. Det er meir energieffektivt å brenna flis og pellets enn å brenna ved. Kvist, greiner og anna skogsavfall blir brukt til produksjonen av flis og pellets.

Skog er ein fornybar ressurs med ganske kort omløpstid. Derfor kan skogen verta ei viktig energikjelde i framtida, slik han har vore det for menneska gjennom tidene.

Bioenergi og klimagassar

Energien i ved kjem frå sola. Gjennom fotosyntesen lagrar treet energi i veden. Når vi brenn veden, vert energien frigjord og vert til varme. Forbrenninga frigjer også karbondioksid, CO2. Når nye tre veks, tek dei opp CO2 frå lufta, og det vert danna ny ved. Dersom det er balanse mellom avverkinga av skog og tilveksten av ny skog, er CO2-mengda i lufta stabil. Vi seier at bioenergi er klimanøytral.

Ein vedstabel. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugselappen


Bioenergi frå skogen:

  • ved
  • flis
  • pellets


Bioenergi er fornybar energi.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Jonsen og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2017

Læringsressursar

Skogbruk – næring, yrke og utdanning