Hopp til innhald
Fagartikkel

Skogbruksnæringa

Skogbruksnæringa i dag leverer tømmer til mange formål. Næringa gjer òg eit viktig arbeid med å forvalte og skjøtte naturressursar.

Skog

Skogen dekker 37 prosent av arealet i Noreg. Det meste av skogen er barskog der gran og furu dominerer. Skogen i Noreg er stort sett eigd av private. Skogeigaren forvaltar ressursane gjennom avverking, planting, tynning og rydding. Ein skogeigedom kan òg gi inntekt ved at publikum bruker skogen.

Skogbruk gjennom historia

Skogbruk har vore ei viktig næring i Noreg i over tusen år. Tømmer og materialar har vore eksporterte til mange land i Europa gjennom tidene. Sjølv om Noreg er eit lite skogland, var Noreg blant dei største eksportørane av tømmer og trelast i verda fram til midten av 1800-talet. Framleis er skogbruk ei av dei største landbaserte næringane i Noreg.

Moderne skogbruk

Skogbruket har gått gjennom ei enorm teknisk utvikling etter andre verdskrigen. Vi kan seie at det har skjedd ei større utvikling i desse åra enn på tusen år tidlegare. Ei av dei største drivkreftene for utviklinga har vore å redusere det svært tunge manuelle skogsarbeidet.

Hogstmaskin og motorsag

Tømmerproduksjon blir oftast utført med hogstmaskiner, der rett programmering er avgjerande for resultatet. Lassberaren fraktar tømmeret ut av skogen til oppsamlingsplassane.

Motorsaga blir brukt til å ta ut enkelttre. Motorryddesaga gjer nytten der motorsaga ikkje kjem til. Skogsoperatøren må kunne bruke begge to på ein trygg og miljøvennleg måte.

Teknologisk utvikling

Kunnskap og teknologisk utvikling har lagt grunnlaget for skogbruksnæringa i dag, der kompetanse innanfor faga biologi, driftsteknikk og økonomi står sentralt for alle utøvarane. Dagens skogbruk er ei viktig næring i Noreg, og tømmer er råvare til mange ulike bransjar. I tillegg aukar stadig utvalet av produkt.

Berekraftig skogbruk

Like viktig som å hauste7 av skogen er det å forvalte han på ein måte som gir grunnlag for å hauste av han i framtida òg. Dette kallar vi skogskjøtsel. Skogen er ein viktig del av naturmiljøet, der folk kan sanke, jakte og utøve anna friluftsliv. For å gjere dette mogleg steller næringa skogane og legg til rette med vegar, gapahukar og leirplassar.

Skogen er ein fornybar ressurs. Dette krev at vi steller skogen godt og bruker – men ikkje forbruker – han. Vi må ha eit berekraftig skogbruk.

CC BY-SA 4.0Skrive av Hallstein Berre.
Sist fagleg oppdatert 30.09.2023