Hopp til innhald
Fagartikkel

Omsetning av tømmer

Tømmer blir som regel omsett via skogeigarandelslag eller andre aktørar som ivaretek skogeigarane sine interesser. Tømmeret blir selt vidare til sagbruk og treforedlingsindustri.

Det er i dag seks skogeigarandelslag som dekkjer ulike regionar i Noreg. Desse er eigde av skogeigarane sjølv gjennom lokale skogeigarlag. Kvart skogeigarandelslag består av fleire lokale skogeigarlag som tek hand om interessene til grunneigarane. Ein del skogeigarar nyttar andre aktørar som NORSKOG eller SB Skog.

Skogeigarandelslaga tilset skogbruksleiarar som fungerer som kontaktpersonar og tek seg av alt frå planting til hogst hos kvar enkelt skogeigar.

Prisar, dimensjonar og kvalitetskrav kan variere frå år til år. For den som skal hogge skog, er det viktig å følgje med på kva som gjeld i marknaden for å få mest mogleg verdi ut av skogen.

Finn ut meir

Skogeigarandelslaga og dei andre aktørane har heimesider på internett som gir meir informasjon. Her finn du òg nyttig fagstoff om skog. Finn ut kven som er aktuelle aktørar i skogbruket i distriktet ditt og besøk nettsidene deira.

Hugselappen

Det meste av skogen i Noreg er eigd av private. Staten eig ca. tre prosent.

Omsetninga av tømmer skjer gjennom andelslag.

Sagbruk og treforedlingsindustri kjøper tømmeret og stiller krav til kvalitet. Kvalitetskrav og priser varierer.

Skogbruksleiarar tek seg av drifta lokalt.

Relatert innhald

Ekstern
NORSKOG

Nettside hos norskog.no

CC BY-SA 4.0Skrive av Vigdis Jonsen.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2020