Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)
Felles programfag saman med:Naturbasert næringsaktivitet (NA-NAB vg1)
Skogbruk
Ca 40 prosent av landarealet i Noreg er dekt av skog. Årleg vert rundt 10 millionar kubikkmeter tømmer hogt. I dette emnet lærer du om skogbruksnæringa. Moderne skogbruk er mekanisert, og mykje arbeid vert utført med maskiner. Ein skogbrukar treng kunnskapar om det biologiske mangfaldet i skogen.
Skogbruk – næring, yrke og utdanning
Skogbruket har vore ei viktig næring i Noreg i over tusen år, og vi har eksportert tømmer og materialar til mange land. Arbeidet i skogen har endra seg, men skogbruket er framleis ei viktig næring. I dette emnet lærer du om næringa. Emnet handlar også om yrke og utdanning innanfor skogbruket.