Hopp til innhald
Fagartikkel

Fakta om korn

Kornartane høyrer til grasfamilien. Dei blir dyrka på grunn av dei store, næringsrike frøa som inneheld mykje stivelse og ein del protein. Kornartane er dei viktigaste vekstane vi har, og vi nyttar dei til både mat og fôr.

Mat og dyrefôr

Kornet må ha ein viss kvalitet for å kunne nyttast til menneskemat (matkorn). Korn som ikkje oppnår denne kvaliteten, blir til dyrefôr. Korn er ein viktig ingrediens i kraftfôret vi gir til dyra. Korn kan òg krossast, det vil seie at det blir knust og gitt som dyrefôr. Noko korn blir òg hausta som grønfôr før det er modent. Dette kan du lese meir om i artiklane om husdyrproduksjon.

Korndyrking i Noreg

Det har vore dyrka korn i Noreg sidan steinalderen. Dei eldste funna av kveite og bygg i Noreg er 4000–4500 år gamle.

I Noreg dyrkar vi i hovudsak kornartane bygg, kveite, havre og rug. Det blir òg dyrka noko spelt og rugkveite, som er ei kryssing mellom kveite og rug. Bygg og kveite er dei kornartene det blir dyrka mest av.

Import

Det vi importerer av korn, er i hovudsak ulike spesialsortar av kveite (til dømes durumkveite nytta til spagetti og annan pasta) og kvalitetar vi ikkje kan dyrke i klimaet vårt.

Meir om matkorn

Bakeevna varierer med kornsortane og er knytt til gluteninnhaldet i kornet. Gluten gjer deigen seig og smidig og bind væske godt.

Kontrollen med matkornet er streng i Noreg. Matkorn må tilfredsstille ei rekkje minimumskrav som styresmaktene har fastsett, og tilleggskrav som er fastsette i avtalar mellom aktørane i verdikjeda korn–mjøl–bakarvarer.

Alt matkorn som blir levert til kornmottak i Noreg, gjennomgår ei rekkje visuelle kontrollar og laboratorieundersøkingar. Det blir òg teke systematiske stikkprøver i alle ledd i verdikjeda for å sikre at sluttproduktet har ønskt kvalitet.

Film: Mel – fra råvare til produkt

Mel – fra råvare til produkt. Video: Snöball Film AS / CC BY-NC-ND 4.0

Test deg sjølv!

Hugselappen

Korn høyrer til grasfamilien og har vore dyrka i Noreg sidan steinalderen.

I Noreg dyrkar vi hovudsakleg fire kornslag:

  • bygg
  • kveite
  • havre
  • rug

Det blir òg dyrka noko spelt og rugkveite.

Korn blir nytta til mat og fôr.