Hopp til innhald

Fagstoff

Hushald og ressursar i reindrifta

Reindrift er i stor grad eit familieføretak. Hushaldet har tradisjon for å utnytte reinen på ein allsidig måte i kombinasjon med andre tilgjengelege naturressursar.
Snøskuter med telt på tilhengjaren. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan seie at reindrift med tilhøyrande verksemder er eit familieføretak, noko som blir kalla báiki (hushald). Hushaldet har tilgang til ulike typar naturressursar, og dessutan naudsynte bustader, lagringsplassar, utstyr og driftsmiddel. Hushaldet har som regel ei todelt leiing med kvinne og mann der ulike familiemedlemmer har ulike typar arbeidsoppgåver, òg når det gjeld å lage og halde ved like utstyr.

Dei ulike hushalda utnyttar reinen stort sett på same måte. Det kan likevel vere store forskjellar når det gjeld kva kunnskap hushalda har, og mellom verksemder som blir utøvde i ressursutnytting og næringstilpassing.

Hushaldet har tradisjon for å utnytte reinen på ein allsidig måte i kombinasjon med andre tilgjengelege naturressursar, anten til produksjon av mat, klede og utstyr til eige bruk eller som aktivitetar for å tene pengar.

Bustaden til hushaldet

På 1950- og 60-talet var det mest vanleg å nytte lávvu i samband med gjeting av rein. No blir han for det meste nytta i samband med flytting og kortare opphald. I nokre årstidsbeiteområde, som til dømes på haustområdet, har reineigarane sett opp gammar av torv og/eller tre.

Både på vinterbeiteområde og sommarbeiteområde har gjetarhytter vorte meir og meir vanlege. I ein del tilfelle er det distriktet som står som eigar av gjetarhyttene. Det vanlegaste i Finnmark er at den enkelte reineigaren eig hyttene sjølv. Reindriftssamane har ofte òg hus i bygdene.

Lita brun hytte med snøskuter framfor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transport

Det vanlegaste transportmiddelet om vinteren er snøskuter. Han blir nytta til reingjeting, transport og elles for å kome seg til og frå reinflokken. Andre framkomstmiddel som reindriftsutøvarar nyttar, er ATV og tohjuls terrengmotorsyklar, båt og bil.

Reindrifta nyttar òg køyrerein til transport, men då for det meste for turistar, som tilbod på reindriftssamiske opplevingar.

Mann i samedrakt saman med rein med utsmykka sele og slede. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Anna driftsutstyr er ulike typar sledar som blir festa etter snøskuteren. Før i tida nytta reindriftssamane pulk eller kjerrisar til køyring med rein og til frakting av utstyr. Etter kvart gjekk dei over til sledar. Ein type slede som sjeldan blir nytta no for tida, er ristlareahka, som er køyreslede med sprinkelkarm for rein. For å kunne kople slede til til dømes skuter eller rein treng vi áissat, som kan vere laga av tre eller stål.

Slede der lasta er pakka inn i ein presenning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andre typar utstyr som kan bli nytta i reindrift

Knivar

Knivar er viktige reiskap i reindrifta. Ulike typar knivar blir nytta til ulike typar arbeid, som til dømes merking av kalv, slakting av rein og hogging av brensel.

Tauverk

I reindrifta er tauverk veldig viktig. Spesielt blir taumar (lávži) nytta i samband med at vi har teke fast ein enkelt rein som vi ønskjer å ha fast, eller for å frakte han til og frå reinflokken.

Seletøy (leaŋggat) blir nytta når vi skal leggje sele på rein. I gamle dagar, då reinen var einaste transportmiddel, vart reinen pynta med staseleg seletøy ved høgtidelege høve, som til dømes friarferd. Reinen vart òg nytta som fraktdyr (kløvrein) og til det trengde ein klauv. Dette blir sjeldan nytta no.

Lasso

Ei av dei viktigaste oppfinningane for reindrifta i verda er lassoen og lassoringen. Med lassoen er armen til mennesket forlengd med 15 meter. For reindriftsutøvarar i nord kan det representere forskjellen mellom liv og død.

Ein lasso er eit reip eller eit tau og blir nytta i reindriftsnæringa til å kaste fast rein. Han blir nytta i dei nordlege områda i Europa og Asia, frå samane til tsjuktsjarane. Reindriftsutøvarar har alltid lassoen med når dei er i arbeid med rein, anten dei passar på flokken eller jobbar i reingjerdet. Men før vi kan nytte lassoen, må vi ha lassoring (čoarvegiella). I den seinare tida har butikkar byrja å få produsert lassoringar av plast. Før var det vanleg å lage lassoring av horn.

Utstyr til duodji

Til å sy skinn treng vi vokstråd og eimar. Før ein fekk kjøpt vokstråd, pleidde ein sjølv å lage senetrådar, som ein tok av rein og omarbeidde til "sytråd". Eime er ei synål der spissen er trekanta, og som toler å nyttast til skinn.

CC BY-SASkrive av IMGEira. Rettshavar: IMGEira
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Hushalds- og ressursgrunnlaget i reindrifta