Hopp til innhald
Fagartikkel

Reinen som ressurs

I reindrifta blir reinen nytta både i hushaldet til reindriftssamanes og for sal. For den som skal leve av reindrift, er det viktig med ein allsidig bruk av rein som ressurs.
Samane nyttar sennegras som innlegg i skallar og kommagar laga av reinskinn. Video: IMGEira / CC BY-SA 4.0

Kva kan reinen nyttast til?

Samane har stort sett henta levebrød og inntekt gjennom hausting av utmarksressursar, fiske, jordbruk og reindrift. Det har òg har gitt råvarer til duodji og ulike vidareforedlingsprodukt.

For den som skal leve av reindrift, er det viktig med ein allsidig bruk av reinen som ressurs. Derfor treng dei som skal jobbe med rein og med næringskombinasjonar, kunnskaps- og evnegrunnlag for å kunne utføre generelle og kjønnsspesifikke oppgåver i hushald og siida. Dei treng òg eit materielt grunnlag.

I reindrifta blir reinen nytta både i reindriftssamanes eige hushold og for sal. Salet blir ofte teke vare på og utvikla gjennom den familiebasert drifta. Reinen kan nyttast som trekkdyr og som slaktedyr for å produsere mat. Før i tida brukte ein òg å mjølke reinen. Reinskinn blir nytta til klede og som liggeunderlag. Reinen er eit viktig verktøy for å lære barn og unge om reindrifta, og i tillegg tener reindriftsutøvarane pengar på andre aktivitetar som er relaterte til denne næringa.

I alle reindriftshushald er det viktig å ta vare på ulike delar av reinen som er slakta. Heile dyret blir utnytta – kjøtt, innmat, ister, beinmarg og blod. Skinn, bellingar og horn blir óg tekne vare på.

Ulike arbeidsoppgåver

Om vinteren har reindriftssamane tid til å gjere arbeid som ikkje har vorte gjort dei andre årstidene. Siidamedlemmene treng både mat og utstyr, og dette må ordnast i løpet av vinteren.

Menn og kvinner har ofte ulike arbeidsoppgåver. Kvinnene deltek på lik linje med mennene i alt arbeid som gjeld reindrifta. Dei gjeter rein og lærer dei unge om etikk og respekt for naturen og dyra. Mennene held ved like driftsutstyr, til dømes sledar. Men når det gjeld sying og reparasjon av vinter- og sommarklede til heile familien, har dette vore ein del av arbeidet til kvinnene.

Næringsutvikling i reindrifta

Ifølge Sametinget er reindrifta "næringa til moglegheitene". Denne næringa kan utviklast som ei berekraftig næring samtidig som ein held fast på dei djupe røtene ho har i den samiske kulturen.

I den samiske tradisjonelle reindrifta er næringskombinasjonar naturleg. Det kan gi fleire arbeidsplassar i tilknyting til reindrifta. Næringskombinasjonar kan vere kombinasjonar av reindrift og duodji, mat, reiseliv, duodji-råvareprodukt, turisme og reinopplevingar.

Produkta som blir selde av reindriftsnæringa, er unike fordi dei er tufta på den samiske kulturarven. Utgangspunkt for dette har hittil vore på premissane til reindrifta og komme reindriftsnæringa til gode, og i neste omgang heile det samiske samfunnet.

Forutan sjølve reindrifta skjer verdiskaping ved næringsutvikling med gode duodjiprodukt og råvarer til doudji, gode lokale matprodukt, unike reiselivsprodukt og kulturformidling.

Reindriftssamisk matkultur

Den store etterspurnaden etter lokal og kortreist mat og reinkjøtt representerer det beste av naturleg, arktisk matproduksjon, skriv Sametinget.

Om samisk matkultur. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC 4.0

Reinkjøtt har hatt ei positiv utvikling i marknaden dei siste åra og det er potensial for høgare verdiskaping enn i dag. Auka interesse og etterspurnad etter reinkjøtt og andre produkt av rein fører til auka forteneste for reineigarar.

Samisk mat i eit moderne kjøkken. Video: Filmkonsulentene / CC BY-SA 4.0

Du kan lese ein reportasje og sjå ein film frå NRK om korleis ein lagar gumppus på norsk blodklubb: Tradisjonell samisk mat som kan lages på noen blunk (NRK)

Duodji

Duodji er det tradisjonelle kunsthandverket til samane. Dei som jobbar med duodji, lagar bruksting og tradisjonelle samiske klede og suvenirar av reinen.

Reinskinn er eit viktig materiale for reindrifta. Tørka reinskinn kan nyttast som liggeunderlag, og handverkarane lagar òg til dømes vottar (gisttat), fottøy (skallar, kommagar), klede (pesk, bellingar, skinnbukser, lue, belte) og bruksting som matsekk (niesteseahkka, gáfeseahkka).

Duodji. Video: NRK / CC BY-SA 4.0

Liste over ord som blir nytta i samband med arbeid med produkt av skinn (Stiftelsen duodjeinstituhtta)

Turisme og reindriftsopplevingar

Reindriftsbasert turisme har vorte ei viktig kombinasjonsnæring for reindriftsutøvarane. I samband med dette blir det tilbode opplevingsrom i arktisk klima, natur og reindrift. Tilbod kan vere "ekstremopplevingar", til dømes overnatting i lávvu i kulda, vårflytting med rein (nomadisme), møteverksemd på vidda (hytte eller lávvu), isfiske, nordlys, snø og servering av mat (primært laget av reinkjøtt) ute eller i lávvu/hytte i arktisk atmosfære og stemning.

Motiva til dei som er kundar, kan vere å utvide kunnskapshorisonten, sosialt samvære med andre eller ønske om meistring ved å møte nye utfordringar og mental avslapping.

Denne filmen frå NRK skole viser korleis Antes familie lever av å selje samisk kultur til turistar. Dei driv museum og restaurant like ved Finlands mest besøkte vintersportsstad.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av IMGEira.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020