Hopp til innhald

Fagstoff

Slakting av rein

I reindrifta er reinen viktig både i eige hushald og for sal. Ein må ta vare på alle delar av reinen. Det er stor forskjell på korleis reinen blir slakta på eit slakteri, og på korleis reindriftssamane slaktar rein til privatbruk, som nisterein.
 Haustslakting av nisterein der skinn og skankar er fjerna. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slaktaren må ta vare på alt

Slaktinga er ein systematisk prosess. Reindriftsutøvaren må sørgje for at alt som skal nyttast av reinen, er intakt etter slakting. Slaktaren bør ha kunnskap om biologien til reinen, om korleis reinkroppen er bygd opp, og om kva dei ulike delane av reinen skal nyttast til. Det gjeld både det som skal tilverkast vidare som duodji, skinn og bellingar, og det som skal nyttast til mat.

Vi må arbeide med skinnet før vi kan sy med det. Det skal preparerast, bli skrapa, mjuka og barka. Færre og færre unge har kunnskapar og evner som gjer dei i stand til å jobbe med skinn og bellingar i dag. Det er for det meste dei eldre kvinnene som kan sy skallar, pesk og gisttat (skinnvottar), bellingar, skinnbukser, lue, belte og andre bruksting som mat- og kaffisekk (niesteseahkka, gáfeseahkka).

Slakting av nisterein

Nisterein er rein som reindriftssamane slaktar til sitt eige behov. Nisterein blir som oftast slakta om vinteren, og slaktinga av vår- og sommarmat skal skje i februar månad, og då ved nymåne. Reinen som blir slakta, må vere av så god kvalitet at han er minst jolin – han må altså vere i godt hold.

Det beste reinkjøtet får ein frå rein som er henta rett frå flokken på beite. Det er viktig at reinen blir avliva rett etter at han er fanga, og han kan slaktast nær gjetarhyttene på vinterbeiteområdet, heime i bygda eller andre stader.

Etter at reinen er fanga og avliva, blir skrotten lagt i ei avlang grop i snøen eller på ein slede slik at han ikkje blir skiten. Ein kan òg leggje kvister under skrotten for at reinkjøtet ikkje skal bli ureina. Så fjernar slaktaren skinnet forsiktig, men bestemt, frå kroppen og leggane (bellingane). Dette blir kalla njaldit på nordsamisk. Ein må vere svært varsam med kniven under slaktinga slik at verken skinnet eller bellingane blir øydelagde. Bellingane skal nyttast anten til skallar eller til skinnbukser.

Når reinen er flådd, blir magen opna for å fjerne formage, tarmar og blod. Dette må gjerast svært forsiktig for at magesekken ikkje skal sprekke. Magen til reinen består av formagen (nettmagen, vomma og bladmagen), løypemagen (som inneheld nedbrote plantemateriale) og tynntarm, blindtarm og tjukktarm. Tarmane på reinen har alltid vore viktig mat for reindriftssamane og andre.

Reindriftsutøvarar som slaktar, har kunnskap om magen til reinen og veit at dersom dei med kniven eller handa lagar rift i magen så han sprekk, kan mageinnhaldet renne ut på kjøtet og øydeleggje det. Prosessen vidare er å ause blodet ut frå slaktet og over i eit bøtte eller eit anna kar. Her er det viktig å røre i blodet slik at det ikkje koagulerer. Koagulert blod kan ikkje nyttast. Etter at lever og andre indre organ er fjerna, kan skrotten hengjast på ein kald stad og parterast.

Reglar og spådommar knytte til slakting av rein

Før i tida hadde reindriftssamane mange reglar for korleis slaktinga av nisterein skulle gå føre seg. Somme reindriftssamar følgjer desse reglane òg i dag. Nokre av reglane er av praktisk art, medan andre kan seiast å vere overtru. Eit døme på ein praktisk regel er at ein ikkje skulle knekkje bein i reinen ein slakta. Ein kunne kome til å kutte seg på beinet, eller ein kunne setje beinet fast i halsen når ein seinare åt kjøtet.

Når det gjeld spådommar, er ei førestilling knytt til ein hinnepose/hinnesekk på ca. 1,5–2 cm (čođgi). Posen ligg i vomsekken under isteret (leavssosbuoidi). Han er anten full av hår, talg eller væske (mjølk) og skal bringa lykke. Hårposen (guolgačođgi) varslar om rikdom, talgposen (buoidečođgi) varslar om feit rein, og mjølkeposen (mielkečođgi) fortel at ein får mange simler som diar kalvar. Hinneposen bør oppbevarast på ein stad der han ikkje blir øydelagd, til dømes i giisa/kiste saman med andre dyrebare ting.

CC BY-SASkrive av IMGEira.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2017

Læringsressursar

Hushalds- og ressursgrunnlaget i reindrifta