Hopp til innhald
Fagartikkel

Ei berekraftig reindrift i reindriftssamisk perspektiv

Reindrifta i nordområda har vore berekraftig på grunn av måten ho forvaltar naturressursane på, uavhengig av nye omgrep som "berekraftig utvikling" og "berekraftig reindrift".

Berekraftig reindriftsnæring

Reindriftsnæringa er "en genuin forvaltningsmodell for en bærekraftig utnyttelse av de arktiske fastlandsområder – en modell som har vist seg fullt ut dugelig over hele det circumpolare området", sa reindriftsutøvar Johan Mathis Turi i 1998.

Frå eit reindriftssamisk perspektiv er det òg nokre andre viktige element som må vere til stades for å kunne seie at reindrifta er berekraftig.

Rein som boazu

Rein som boazu betyr at reinen lever som villrein, men under den kontrollerte forvaltinga til menneske når det er nødvendig. Det grunnleggande elementet i samisk reindrift er derfor reinen og dei nordområda der desse dyra høyrer heime. Reinen oppheld seg i og bevegar seg langs beite- og vandringsruter baserte på dei naturlege behova deira gjennom året. Vi kan berre kontrollere rein ved å ta omsyn til åtferda og behova dei har, og då treng vi ei heilskapleg situasjonsforståing.

Vuođđu –grunnlaget for berekraftig reindrift

Utgangspunktet for den reindriftssamiske forståinga av berekraftig reindrift er omgrepet vuođđu, som omsett til norsk betyr "grunnlag". Det er fleire sider ved reindrifta som blir betrakta som ei form for berekraft, nemleg

  • at det blir lagt vekt på grunnleggande prinsipp innanfor reindriftssamisk tradisjon og sedvane
  • at ulike sider ved reindrifta, andre næringar og samisk levemåte er kopla saman
  • at nye generasjonar blir sosialiserte inn i levemåten i reindrifta og i korleis reindrifta blir utøvd
  • at dei ulike sidene av kontinuiteten i reindriftssamisk levemåte er fletta saman

Forklaringar til dei ulike vuođđu-grunnlaga i modellen

Grunnlag

Beskriving

Omgrep (nordsamisk)

1. Menneske

Reindriftssamar som representerer ein sidakontinuitet, som er kjernen av folk med lang historie i sidaområdet.

vuođđoolbmot

2. Kunnskap-
grunnlag

Tverrfagleg kunnskapsgrunnlag som blir overført eller blir formidla igjennom reindriftssamisk fagspråk.

máhttovuođđu

3. Forståings-
grunnlag

Eit verdssyn som er grunnleggande for korleis ein ser samanhengar i verda, og for etikk.

vuođđoipmárdus

4. Rettsgrunnlag

Reindriftssamisk rettsforståing og sedvane: rettar, eigarforhold og alders tids bruk.

riektevuođđu

5. Merke-
grunnlag

Familiemerke. Merking av rein i form av snitt i øyra er ein tradisjon som oppfyller ulike praktiske funksjonar. Individuell eigarskap til dyr.

mearkavuođđu

6. Reinflokk-
grunnlag

Grunnlag for kontinuiteten til reinflokken over tid og overføring av eit godt gjennomtenkt utval av rein frå generasjon til generasjon.

Rein blir òg skaffa gjennom annan arv, gåve og andre overførslar med fleire eigarar. Det kan vere utfordringar når rein blir flytt til eit nytt område der dei ikkje har områdetilhøyrsel.

eallovuođđu

7. Siida-
grunnlag

Omfattar heilskapen i den nomadiske, pastorale livsforma og under dette stadene og arealeiningane som inngår:

  • alle typar areal relaterte til reinflokk og hushald
  • biologien og fysiologien til reinen, åtferd, klima, infrastruktur
  • arbeid med rein

siidavuođđu

8. Hushalds-
grunnlag

Verksemd, eit familieføretak, ein kjernefamilie og òg ein utvida familie som består av nære slektningar

  • bustader
  • hushald
  • arbeidskraft
  • arbeidsdeling

báikevuođđu

9. Ressurs-
grunnlag

Alle typar ressursar som skal dekke behova i hushaldet.

Ei allsidig utnytting av rein og andre tilgjengelege naturressursar direkte til eigenproduksjon av mat, klede og utstyr, ved sida av aktivitetar for å tene pengar.

Arbeidskraft.

birgenvuođđu

Kjelde

Turi, J. M. (1998, mars). Circumpolar reindrift – Større internasjonalt engasjement i reindriftsforskningen et nødvendig neste skritt. Innlegg på NORs konferanse i Kautokeino 13.–15. mars 1998. Henta frå https://www.researchgate.net/publication/279445543_Circumpolar_reindrift_-_Storre_internasjonalt_engasjement_i_reinforskningen_et_nodvendig_neste_skritt

CC BY-SA 4.0Skrive av IMGEira. Rettshavar: IMGEIRA
Sist fagleg oppdatert 11.06.2020