Hopp til innhald
Fagartikkel

Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling handlar om at vi forvaltar ressursar på ein måte som gjer at alle menneske på jorda får dekt dei primære behova sine, og at vi tek omsyn til at det òg gjeld dei som følgjer etter oss.

Berekraftig utvikling handlar om "utvikling som imøtekommer behovene til dagens generasjon uten å redusere mulighetene for kommende generasjoner til å dekke sine behov". Dette skreiv Brundtland-kommisjonen i rapporten Vår felles framtid i 1987. Her har kommisjonen lagt særleg vekt på behova til dei fattige for å få oppfylt dei grunnleggjande rettane sine og skape moglegheit for eit betre liv.

Kommisjonen legg òg vekt på kor mykje naturen kan levere i dag utan at det går utover kva han kan levere i framtida. Brundtland-kommisjonen laga på den måten koplingar mellom debatten om miljøutfordringar og økonomisk utvikling for fattige land.

Det er vanskeleg å finne ein klar og eintydig definisjon av omgrepet "berekraftig utvikling". Det kan verke som det nærast kan bety kva som helst, og ofte blir det nytta som eit politisk slagord i debattar. Orda berekraftig og utvikling har òg i ein viss forstand motsett betydning. Berekraft handlar om å halde noko ved like, medan utvikling dreier seg om noko som skal endrast.

Berekraftig utvikling i eit norsk perspektiv

Sidan Brundtland-rapporten kom i 1987, har ei grunnleggjande forståing i Noreg vore at berekraftig utvikling handlar om ei endring til det betre på tre område på éin gong:

  • økonomisk produksjon
  • miljø
  • sosiale forhold

Figuren nedanfor viser samanhengen mellom desse tre områda.

Det handlar om ei utvikling der økonomisk vekst er overordna, men der det òg skal takast omsyn til både miljø og sosiale forhold, forvaltning av økonomi (produksjonen i samfunnet), bevaring av miljøet og sosial fordeling. Det skal forhindre at nokon må leve i absolutt fattigdom i dag, men samtidig skal ikkje livsgrunnlaget bli nedgradert.

Denne definisjonen er først og fremst relevant for land i , der mange menneske lever i absolutt fattigdom. For rike land med omfattande velferdstenester har dette vorte omforma til ei meir moderat målsetjing om at kvar generasjon må etterlate seg ein samla formue, inklusive miljø og naturkapital, som er så stor at kommande generasjonar kan unngå nedgang i levestandarden.

Kjelder

Brundtland, G. H. Verdenskommisjonen for miljø og utvikling. (1987). Vår felles framtid.

Scheie, E. & Korsager, M. (2015, 16. januar). Utdanning og undervisning for bærekraftig utvikling. Henta frå https://www.natursekken.no/artikkel/vis.html?tid=2102114

CC BY-SA 4.0Skrive av IMGEira. Rettshavar: IMGEIRA
Sist fagleg oppdatert 10.06.2020