Hopp til innhald

Fagstoff

Ei berekraftig reindrift

Kva meiner vi eigentleg med berekraftig utvikling sett i perspektiv av samisk reindrift?
 To hender som held ei miniatyrutgåve av jordkloden. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrep for berekraftig utvikling på nordsamisk

Det norske omgrepet berekraftig utvikling er omsett til nordsamisk på ulike måtar. Desse omgrepa finst i ulike offentlege dokument på nordsamisk som nemner eller handlar om berekraftig utvikling:

  • ceavzilis ovdánahttin
  • guoddevaš ovdánahttin
  • bistevaš ovdánahttin

Dersom du møter nokre av desse omgrepa i tekstar eller i andre samanhengar, er innhaldet det same som berekraftig utvikling på norsk.

Berekraftig utvikling i reindriftsnæringa

Kva så med berekraftig utvikling og reindrift? Denne tidslinja viser korleis omgrepet gradvis har vorte nytta i samanheng med reindriftsnæringa:

Vi kan spore dagens målstyring forankra i nemninga berekraftig reindrift tilbake til målformuleringar i lover og avtaler på 1970-talet.

Målsetjingar i reindriftslova av 1978 var at utviklinga skulle knytast til samfunnsgagnleg utnytting av reinbeiteressursane til beste for dei som har reindrift som yrke, trygge økonomiske og sosiale kår og bevaring av samisk kultur.

Rundt 1990 byrja norske styresmakter å nytte omgrepet "berekraft" i samband med reindrift. Dette var like etter at Brundtland-rapporten vart publisert og i ei tid med mykje fokus på berekraftig utvikling og berekraft generelt. På dette tidspunktet var det ein heftig diskusjon om reintal i Finnmark, og denne debatten vart kopla til berekraftsomgrepet.

I 1991–92 kom ei stortingsmelding om berekraftig reindrift. Målsetjinga om berekraftig reindrift er i denne meldinga konkretisert som ei berekraftig utnytting av beiteressursane. Berekraftig utnytting handlar om balansert beiteuttak og at driftsmønster og beitemetodane er tilpassa naturgrunnlaget. Dette skal vidare danne eit viktig grunnlag for tilfredsstillande inntektsmoglegheiter, og produksjonen skal ha ein kvalitet som er tilpassa marknadsmoglegheitene og dei krava som marknaden stiller.

Allereie i stortingsmeldinga vart eit høgt reintal og eit minkande beitegrunnlag trekt fram som vesentlege årsaker til ei negativ utvikling i reindrifta. I åra etterpå har statsforvaltninga sine betraktningar om berekraftig reindrift i det store og heile dreidd seg om desse to faktorane og dei innbyrdes forholda deira.

Samanliknar vi den opphavlege berekraftsmodellen frå 1987 (figur nr. 1) med modellen som vart laga for reindriftsnæringa (figur nr. 2), ser vi at det er stor forskjell.

Det som i modellen til Brundtland-kommisjonen var 'miljømessig' har i reindriftsmodellen vorte til 'økologi'. Økologien var forankra i ei førestilling om at reintalet var for høgt i forhold til ei definert bereevne. I den opphavlege modellen var ein dimensjon 'økonomisk', denne vart til 'økonomi' i reindriftsmodellen. Her har det vore ei førestilling om at vilkåra for økologisk berekraft må vere oppfylte der ein nyttar indikatorar for å måle i kva grad verksemda er lønnsam.

Det som er mest ulikt i dei to modellane, er at den sosiale dimensjonen har vorte til ein kulturdimensjon i reindriftsmodellen. Dette er forankra i ei førestilling om betydninga til reindrifta for bevaring av samisk kultur. Dermed ser det ut til at innhaldet i reindriftsmodellen er vesentleg ulikt frå modellen til Brundtland-kommisjonen, og inneheld ei tredeling i høvesvis produksjonsmål, inntektsmål og kulturmål.

Kjelder

Brundtland, G. H. Verdenskommisjonen for miljø og utvikling. (1987). Vår felles framtid.

Landbruksdepartementet. (1977). Om lov om reindrift (Ot. prp. 9 (1976–77)) Henta frå https://www.stortinget.no/no/saker-og-publikasjoner/stortingsforhandlinger/lesevisning/?p=1976-77&paid=4&wid=a&psid=DIVL480&s=True

Landbruksdepartementet. (1992). En bærekraftig reindrift (St. Meld. 28 (1991–1992)). Henta frå https://www.stortinget.no/no/saker-og-publikasjoner/stortingsforhandlinger/lesevisning/?p=1991-92&paid=3&wid=b&psid=DIVL1324&s=False

CC BY-SASkrive av IMGEira. Rettshavar: IMGEIRA
Sist fagleg oppdatert 10.06.2020

Læringsressursar

Ei berekraftig reindrift