Hopp til innhald

Fagstoff

Flytting av og med rein

Å flytte reinen frå eit årstidsbeite til eit anna er ein føresetnad for at samspelet mellom beiteressursar, produksjon og klima skal fungere. Flytting gjer at vi får utnytta den samla beitekapasiteten betre.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ordet flytting

På nordsamisk har ordet flytte mange tydingar, til dømes:

  • flytte – johtit (flytte frå eit årstidsbeite til eit anna)
  • flytte – sirdit (flytte innanfor til dømes vinterbeiteområdet)
  • flytte – fárret (flytte med alt utstyret)

Desse samiske omgrepa er ein del av kunnskapen om det å flytte. Ordet johtit har òg fleire tydingar enn det å flytte, til dømes det å vere i rørsle, flytte og å vere på flytting. Det er òg mange samiske uttrykk som skildrar prosessen før sjølve flyttinga tek til. Dei fortel om ulike metodar, gjeteteknikkar og nivå i flytteprosessen, som til dømes luoitit, čohkket, lávdadit, johttát, johtolat, johtingeaidnu, geinnodat, viggat, loksa, fárret. På norsk finst det ikkje slike nyansar i omgrepa, der snakkar ein om flytting, flyttelei, flyttevei, drivelei og trekklei.

Trekkleier

Ei lei eller ein trasé i terrenget der reinen blir driven og til dels trekkjer sjølv mellom ulike årstidsbeiteområde, blir på nordsamisk kalla johtolat. Trekkleier er viktige naturlege trekk mellom beiteområde og forbi passasjar, der reinen trekkjer av seg sjølv, anten enkeltvis eller i flokk. Desse leiene kan på samisk kallast for geinnodat. Dei som ikkje har kjennskap til reindrifta, trur ofte at flyttinga av reinen skjer på noko som liknar ein veg, men slik er det ikkje. Av og til, særleg om våren, går reinsdyra ofte etter kvarandre og ved sida av kvarandre til sommarbeiteområdet. Men om hausten kan reinsdyra gå spreidd og bruke store areal når dei flyttar på seg.

Kyst- og innlandsbeite

Det er ikkje alle reindriftssamar som flyttar frå innlandet til kysten eller frå kysten til innlandet i løpet av året. I Sør-Trøndelag og Hedmark blir ulike delar av fjellområda brukte både til vinter- og sommarbeite. Det same gjeld Sør-Troms, Nordland og Nord-Trøndelag. Her er vinterbeita ved kysten og sommarbeita i innlandet. Dette kjem av at beiteområda i innlandet er utsette for store snømengder og nedising. I desse områda er det tilgangen på vinterbeite som er mest avgrensande. Meir ustabilt klima og dårlegare beitegrunnlag gjer at risikoen for tap er høgare.

I Troms er driftsmønsteret noko forskjellig. I enkelte distrikt er flyttemønsteret omvendt i forhold til Finnmark, med vinterbeite ved kysten og sommarbeite i innlandet. Storparten av flokkane er likevel stasjonære, det vil seie at dei oppheld seg i same området heile året utan flytting. I Finnmark har siidaene vinterbeite i innlandet og sommarbeite ved kysten.

Flyttemønsteret er dermed ikkje likt overalt. Derfor er det utvikla eit system med eit grunnforløp som er konstant og set rammene for reindrifta i området.

Flytting i Finnmark

Reindrifta i Finnmark har to flyttingar: vår- og haustflytting. Det er to ulike typar flytting eller to slags handlingar:

  1. Reinen vandrar på eiga hand, følgjer naturen sin. Då er han på tur anten åleine eller i små flokkar mot sør, mot vinterbeiteområda. Reindriftsutøvarar passar på i utkanten av flokken, men driv ikkje reinen aktivt fram.
  2. Flokken blir førd eller leidd samla, ofte mot sommarbeiteområde. For reindriftsutøvarar er dette ei aktiv handling.

Flyttinga startar frå vinterbeiteområdet (trelause område, høgfjell og skogsområde) der snøen dekkjer heile området. Flyttinga mellom sommarbeite og vinterbeite mot davvi (nord) og mot lulli (sør) kjem an på terreng og landskap. Ulike typar terreng gir ulike alternativ for flyttinga alt etter vêrforhold og årstid.

Vårflytting

Vårflyttinga blir kalla davásjohttin (flytting mot nord). Retninga er for somme nordover, for andre nordvestover og vestover. Ho skjer rett før kalvingstida tek til dei første dagane i mai. Det er som regel ikkje naudsynt å drive reinen på denne tida. Tvert imot kan folk ha nok med å følgja etter når simlene først i flokken set av stad etter dei gamle rutene. Områda der snøen har smelta, er viktige, for det er desse områda som gir næring før kalvinga, og før den siste harde etappen av flyttinga. Simlene vil ikkje vil stoppe før dei har nådd dei kjende kalvingsplassane.

Flyttinga varierer mykje frå distrikt til distrikt, både i lengde og framgangsmåte. I somme distrikt trekkjer reinen berre over frå det eine til det andre sesongbeitet. I andre distrikt flyttar reinen seg opp til 300–400 km. For somme distrikt skjer flyttinga utan avbrot. Dette gjeld spesielt om våren og for dei som nyttar landgangspram og skal ut på øyane. Andre distrikt/siidaer stoppar opp og let reinen kalve i kalvingsområdet før dei flyttar ut på sommarbeiteområdet i siste halvdelen av juni.

Haustflytting

Om hausten skjer flyttinga for dei fleste distrikta over ein lengre periode, og reinen blir gjerne halden i eit haustbeiteland, særleg i brunsttida. Enkelte siidaer forlèt sommarbeiteområdet i slutten av september og kjem til vinterbeiteområdet så seint som i byrjinga av desember. Haustflyttinga er annleis enn vårflyttinga, mest på grunn av vêrforholda. Dyra blir ofte flytta i dei same områda som om våren, men dei bruker ikkje dei same delane av terrenget. Lulli (sør) er vinterområdet med låge, skogkledde høgder og med snaufjell innimellom der det veks reinlav.

Om hausten kan reinen beite overalt, men naturen til reinen er at han følgjer leagit (elvedalar), jeaggi (myr), bohki, johka (elv). Reinen trekkjer nedover i terrenget dit det er rikeleg med beiteplanter, og helst til skog og kratt der han òg tek til å feie horna. Reinen bevegar seg helst mot vinden.

CC BY-SASkrive av IMGEira.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Å arbeide med rein – siiddastallan