Reinflokken
Når reindriftssamane snakkar om reinflokken, bruker dei ordet eallu, som betyr at flokken består av både vaksne og unge ho- og hannreinar som fleire eigarar har i eit fellesskap. På samisk bruker ein ikkje eksakte tal for å fortelja kor stor flokken er, for talet på rein er i konstant endring gjennom året, og desse endringane er uføreseielege. Ein bruker ulike omgrep avhengig av kor stor flokken er, for eksempel;
- eallu er heile flokken av ulike typar eller kategoriar rein
- čora er ei åtskild eining (frå ti til hundre dyr) som er komne vekk frå flokken, men som søkjer etter flokken
Det sosiale hierarkiet i ein reinflokk bestemmer i kva grad den enkelte reinen innanfor flokken får tilgang på beite. Reinen både samarbeider og konkurrerer om beitet. Hierarkiet er årstidsavhengig. I brunsttida om hausten tronar dei største bukkane øvst i hierarkiet. Etter brunsten vert dei skyvde nedover i hierarkiet. Om våren er simlene øvst i hierarkiet, og på denne årstida er dei suverene i konkurransen om beita.
Reindriftsutøvarane må ha gode ferdigheiter i å observera reinen og dei omgivnadene han ferdast i. Det er viktig å ha kunnskap om både naturen til reinen, topografien i områda, vêret og klimaet, og om korleis desse faktorane påverkar kvarandre.
Åtte årstider
I reindrifta har året åtte årstider. Kvar årstid har sine arbeidsoppgåver:
- giđasdálvi (vårvinter)
- giđđa (vår)
- giđasgeassi (vårsommar)
- geassi (sommar)
- čakčageassi (haustsommar)
- čakča (haust)
- čakčadálvi (haustvinter)
- dálvi (vinter)