Hopp til innhald

Fagstoff

Gjeting av rein

Å gjete rein handlar å få reinen til å beite og om å ha ein viss kontroll over flokken. Gjetaren må kunne føreseie kvar dyra bevegar seg ut frå kjennskap til den naturlege åtferda til reinen gjennom dei ulike årstidene, på beite og i terrenget.

På vinterbeita blir flokkane gjette for å halde dei frå andre flokkar. Vintergjetinga handlar altså om kantgjeting, samling for å flytte flokken til eit nytt område med betre beite, og gjeting for å hindre samanblandingar med andre siidaer.

Det finst ulike måtar å gjete på. I eit kalvingsområde må ein til dømes la reinen spreie seg. Dette blir kalla for veaiddalahttit på nordsamisk. Om vinteren kan ein til dømes la reinen spreie seg under kontroll, altså lávdat. Dersom reindriftsutøvarane held på å miste kontrollen over flokken, blir det kalla for bieđganit.

Snødekt vidde med rein som beiter i små flokkar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På vinterbeiteområdet

I nordområda dekkjer snøen bakken ein stor del av året. Klima, snø og snøendring får store konsekvensar for naturen. Snø er vatn i "fast form" og har ein kompleks struktur, og han er i stadig endring. Det er naudsynt å ha kunnskap om snø og snøforhold for å overleve under svært utfordrande og stadig skiftande klimatiske forhold.

Snøkunnskapen til reineigarane er særleg knytt til flokken, beitet og økologien. For reindrifta er snøen ein føresetnad for

  • mobilitet (kunne forflytte seg)
  • sporing (kunne sjå kvar reinen har gått)
  • synlegheit (kunne sjå reinen)
  • tilgang (tilgang til beiteplanter som lav og gras)
To reingjetarar med snøskuter gjeter flokken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ansvaret til reingjetaren

Om vinteren kan vêrforholda plutseleg endre seg, eller andre uføresette situasjonar kan oppstå. I slike tilfelle er det den reingjetaren som er på vakt ved flokken, som må vurdere kva som bør eller kan gjerast. Han eller ho må ha ein strategi for å takle situasjonen. Det er òg gjetaren som må ta avgjerda om det er naudsynt å flytte flokken til ein annan del av beiteområdet når snøforholda er slik at det er ein risiko for at dyra ikkje får nok mat.

Dagleg gjeting om vinteren

Den daglege gjetinga har to hovudoppgåver. Gjetaren køyrer rundt flokken og observerer korleis flokken beiter, og om flokken held seg i ro i området. Samtidig ser gjetaren etter spor frå rein. Dersom reinspor kryssar køyresporet til gjetaren, må ho eller han finne ut kvar dyra har gått og føre dei tilbake til flokken.

Dersom gjetaren ser at flokken ikkje beiter roleg, men har vandra mykje, er det viktig å finne årsaka til dette. Gjetaren sjekkar forholda (guohtun), konsistensen på snøen, deretter bakken under snødekket og korleis beiteforholda er. Gjetaren må òg vite kvar flokken har beitt før. Dersom snøen i området er hard med is nærast bakken, må gjetaren finne ein stad der det er oppas (urørt snø) eventuelt flytte (sirdit) flokken til ein annan del av vinterbeiteområdet der det er betre beiteforhold.

Når flokken held seg på ein stad, vil det seie at reinen finn mat der, og at snøforholda er slik at dei kan grave gjennom snøen. Dersom flokken tek til å vandre bort frå eit område, må gjetaren sjekke kvifor. Er det lite mat å finne, eller blir flokken skremd av rovdyr? Dersom gjetaren ser spor etter rovdyr, må ho eller han sjå om rovdyret har kryssa køyresporet og kome seg inn i flokken.

Rein som kryssar køyrespora, forvillar seg vekk frå flokken. Gjetaren må då finne dyra og få dei tilbake til flokken. Det er viktig å halde flokken samla slik at reinen ikkje blandar seg med flokkar frå andre siidaer. Gjetarane kan då prøve å stoppe (caggat) reinen for å unngå samanblanding. Dei kan òg prøve å flytte (siridit) flokken innanfor vinterbeiteområdet sitt. Dersom ein mistar rein til andre flokkar, kan ein hente dei enkeltvis (čanadit), eller rein frå fleire siidaer kan setjast i innhegning for å skiljast (rátkit).

Gjetemetodar om vinteren kan vere

  • køyre rundt i flokken (birravuodjit), altså følgje køyrespor i kanten av området svært forsiktig
  • leie rein som går ytst i flokken, inn til dei andre (goalŋat)
  • stoppe flokken når han held på å «rømme» (caggat)
  • flytte flokken (sirdit) til ein annan plass innanfor vinterbeiteområdet

Det er svært viktig å ha evna til å spore, det vil seie kunne skilje mellom ulike spor. Vilkår som gjeld for sporing, er mellom anna

  • at det er nok nysnø til at det er mogleg å skilje spor (áinnadat) frå kvarandre, og skilje gamle spor frå ferske
  • at ein kan identifisere spor etter beiting og beiteplassar (fieski)
  • at ein kan identifisere spor der heile flokken, eller delar av flokken, har gått etter kvarandre i lang, smal rad (ruvggastat)

Snøforholda på vinterbeite – guohtun

Vêr og temperatur kan føre til at snø på bakken smeltar/tiner og deretter frys og blir til is. Dette kan igjen føre til at snødekket får islag. Dersom ein reingjetar ser at guohtun er dårleg, betyr det at laga på snødekket er så harde at reinen har vanskar med knuse og grave seg gjennom dei. Di fleire smelte–fryse-situasjonar som oppstår, di fleire islag (geardni, cuoŋu) blir det i snøen. Det er ikkje bra når snøen er slik at reinen ikkje får tak i maten under han (heajos guohtun).

Vêr og temperatur kan derimot òg gjere guohtun bra, særleg dersom det er lite snø, snøen er porøs og mjuk, og dersom bakken ikkje er frosen. Mildt vêr og milde vindar kan endre čiegar til seaŋáš (kornsnø) og dermed gjere snøen mjuk slik at det er mogleg for reinen å grave gjennom han. Reineigaren veit at dersom snøforholda er gode, klarer reinen å nå vegetasjonen under. Men dersom det er is på botnen, er det vanskeleg å beite. Derfor er det viktig å sjekke tilstanden under snøen.

Oppas og čiegar er to omgrep som reingjetarane bruker i samband med gjeting. Oppas er eit område der snøen er laus og urørt, det vil seie ikkje trakka ned av rein. Ordet čiegar betyr at snøen i eit område har vorte hard fordi reinen har beitt og grave der. Reinen bør derfor ikkje førast til eit område der det er čiegar, for der er det ingen guohtun.

Bruk av vinterbeiteområde om vinteren

Ulike delar av vinterbeiteområdet til siidaen blir nytta i ulike periodar av vinteren, men det er flokken sjølv som har etablert rutinen for kvar han beiter. Kvar reinen beiter, er avhengig av vêret, vindretninga og snøforholda. Reinen unngår å beite der han har beitt før, for der er snøen hardtrakka (čiegar).

På vinterbeitet handlar det ofte om å få dei gode beiteforholda til å vare lengst mogleg ved å spare område til vårknipa om vårvinteren. Når beiteforholda er gode (snøen ikkje er for hard) og det er tilstrekkeleg med mat under snøen, varer beitet til april, slik at flokken kan flyttast til kalvingsområdet med små tap og god kalvetilgang.

Før vårflyttinga startar, er det viktig at reinen som høyrer til dei ulike siidaene, er samla i rett flokk. Graden av kontroll og farten på flyttinga er bestemt av faren for samanblanding, beiteforholda og kva tilstand flokken er i.

CC BY-SASkrive av IMGEira.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2017

Læringsressursar

Å arbeide med rein – siiddastallan