Hopp til innhald

Fagstoff

Nitrogenkrinsløpet

Lufta består av nesten 80 prosent nitrogengass, men dette er ikkje tilgjengeleg for planter og dyr. Bakteriar og lyn speler ei viktig rolle for å gjere nitrogen tilgjengeleg.
Landskap med dyr og planter knytte saman med piler som viser nitrogenkrinsløpet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nitrogen er naudsynt for planter og dyr

Nitrogen (N) er eit viktig plantenæringsstoff og er eit anna døme på korleis grunnstoff sirkulerer i økosystemet. Nitrogen finst i alle planter og dyr og er ein naudsynt byggjestein i protein og arvestoff. Nitrogen finst òg i og klorofyll.

To blå kuler med bokstaven N knytt saman med tre linjer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

78 prosent av lufta består av nitrogengass (N2). Bindinga i nitrogengass er ei av dei sterkaste kjemiske bindingane vi kjenner, og nitrogen i denne forma er ikkje tilgjengeleg for verken planter eller dyr. Planter tek opp nitrogen frå jorda som nitrat ( NO3) og ammonium ( NH4+). Dyr og menneske får i seg nitrogen ved å ete planter og dyr.

Nitrogenkrinsløpet

Nitrogenet i lufta blir gjort tilgjengeleg for levande organismar ved lyn og ved hjelp av mikroorganismar.

Nitrogen inngår i ulike kjemiske sambindingar gjennom krinsløpet sitt:

  • nitrogengass (N2)
  • nitrat (NO3)
  • ammonium ( NH4+ )
  • nitritt ( NO2- )

Plantene tek opp nitrogen i form av nitrat eller ammonium. Ulike bakteriar deltek i krinsløpet, anten ved nitrogenfiksering eller ved omgjering av kjemiske sambindingar.

Nitrogenfiksering – bakteriar gjer nitrogen frå lufta tilgjengeleg

Planter i erteblomfamilien og treslaget or er døme på planter som har knollar på røtene. Der lever det bakteriar som gjer om N2 i luft til nitrogensambindingar som planta kan bruke. Dette kallar vi nitrogenfiksering.

Plante med røtter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Det finst fleire typar bakteriar og sopp som omdanner nitrogengass til nitrogensambindingar som plantene kan bruke.

Lyn spaltar N2 og O2 og gir sur nedbør

I luft finst det både N2 og O2. Energien i eit lynnedslag kan spalte kvart av desse molekyla. Dermed kan nitrogen og oksygen gå saman og danne nitrogenmonoksid (NO). NO reagerer vidare med O2 og dannar NO2. NO2 reagerer med vatn og gir syrene HNO2 og HNO3. Dette regnar ned på jorda som sur nedbør.

Kjelder

Miljødirekoratet. (2019, 31. mai). Utslipp av næringssalter fra fiskeoppdrett. Henta frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/forurensning/overgjodsling/utslipp-av-naringssalter-fra-fiskeoppdrett/

Miljødirektoratet. (2020, 12. februar). Sur nedbør. Henta frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/forurensning/sur-nedbor/

Universitetet i Oslo. (u.å). Periodesystemet – Nitrogen. Henta frå https://www.periodesystemet.no/grunnstoffer/nitrogen/

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2020

Læringsressursar

Økologi og krinsløp