Hopp til innhald

Fagstoff

Fosforkrinsløpet

Fosfor er naudsynt for god plantevekst. Det finst i arvestoff og cellemembranar og trengst til energiomsetninga i cellene.
Landskap med dyr og planter knytte saman med piler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fosfor for god plantevekst

Planter tek opp fosfor i form av fosfation (i hovudsak H2PO4-) gjennom røtene.

Plantene treng fosfor til å byggje opp arvestoff, cellemembran og til å danne . Når ei plante får for lite fosfor, vil dei yngste blada bli mørkegrøne, mens dei eldre blada visnar.

Fosfor i urin og bergarter

Før vi fekk metodar for å produsere kunstgjødsel industrielt, var fugle- og flaggermusmøkk (guano) frå Sør-Amerika og Asia ei viktig kjelde til fosfor. Guano inneheldt òg mykje nitrogen og var godt eigna som gjødsel.

Arbeidsfolk står på tralle i eit gruveområde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag blir fosforet i kunstgjødsel i hovudsak vunne ut frå bergartene apatitt og fosforitt.

I økologisk landbruk er husdyrgjødsel ei god kjelde til fosfor.

Fosforkrinsløpet

Fosfor er eit vanleg grunnstoff, men det er bunde til andre stoff og er ikkje tilgjengeleg for plantene i utgangspunktet. For å kunne dyrke grønsaker og korn må ein tilføre jorda fosfor, i form av anten kunstgjødsel eller husdyrgjødsel.

Utan tilførsel av fosfor vil jorda etter kvart bli utarma. Når vi haustar ei potetavling, fjernar vi om lag 10 kg fosfor per mål. Nedbryting av fosforhaldige bergarter tilfører noko fosfor til jorda, men ikkje så raskt som vi fjernar fosforet med avlingane våre.

Plantene tek opp fosfor frå jorda via røtene. Dyr og menneske må ete planter eller andre dyr for å få i seg det fosforet dei treng. Fosfor vi ikkje bruker, blir skilt ut via urin og avføring.

Fosfor forsvinn ut av krinsløpet

Blåaktig stein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fosfor frå gjødsel som ikkje blir teke opp av plantane, kan bli vaska ut av jorda når det regnar. Fosforet blir frakta med vatnet til bekkar og elver og endar opp i havet. Her søkk det ned til botnen og endar opp i sedimenta. Der går fosforet inn i ein veldig langsam del av krinsløpet med danning og forvitring av bergarter som apatitt. Det tek lang tid før fosforet blir tilgjengeleg for plantar igjen!

I motsetning til nitrogen, som stadig kjem inn i krinsløpet på nytt, blir fosfor altså teke ut av krinsløpet. Dette er årsaka til at fleire er bekymra for at vi etter kvart kjem til å gå tom for fosfor, noko som vil skape store problem for det moderne jordbruket.

Marokko i Nord-Afrika har tilgang til 75 prosent av det fosforet som er tilgjengeleg i verda i dag.

Relatert innhald

Kjelder

Store Norske Leksikon. (2018, 20. februar). Guano. Henta 16. april 2020 frå https://snl.no/guano

Universitet i Oslo – Institutt for biovitenskap, 8. mars 2019. Fosfor. Henta frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/f/fosfat.html

Universitet i Oslo. (u.å). Periodesystemet – Fosfor. Henta 17. april 2020 frå https://www.periodesystemet.no/grunnstoffer/fosfor/index.html

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2020

Læringsressursar

Økologi og krinsløp