Hopp til innhald

Fagstoff

Reinsefisk

Reinsefisk et lakselus frå huda til laks og aure. Dei vanlegaste reinsefiskane er blåstål og raudnebb, berggylt, bergnebb, rognkall og rognkjekse. Reinsefiskane lever i merdane saman med laksen, og et lus som sit på fisken.


Leppefisk

Bergnebb. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Leppefisk omfattar blåstål og raudnebb, berggylt, bergnebb, grøngylt og grasgylt. Desse fiskane har store og tydelege lepper. Blåstål og raudnebb er hoe og hanne av same arten. Leppefiskane finst på sørlandskysten og litt oppover Vestlandet til Trøndelag, men er sjeldne i Nord-Noreg.

Leppefisken går i dvale på djupt vatn om vinteren og kjem opp til grunt vatn for å gyta i juni. Derfor et dei ikkje noko særleg lakselus om vinteren. Dei trivst heller ikkje i kaldt vatn.

Fru rognkjekse med kall

Rognkjekse. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rognkjekse og rognkall er hoe og hanne av same arten. Dei et også lakselus. Rognkjeksa finst naturleg langs heile kysten, også i Nord-Noreg. Ho er aktiv sjølv i kaldt vatn. Mange meiner at vi får den beste verknaden mot lakselus ved å bruka både leppefisk og rognkjekse samtidig.

Forsiktig fiske

Mykje av reinsefisken som vert brukt i oppdrettsnæringa, er villfanga. Men vi kan ikkje setja leppefisken ut att etter at han har vore brukt. Vi må derfor vera forsiktige så vi ikkje utryddar dei ville bestandane. Fleire stader er det starta oppdrett av desse artane.

Reinsefiskane gjer ein viktig jobb, og det er viktig å passa godt på dei. Dei treng skjulestader i merdane for å kvila. Oppdrettsnøtene må vera reine så dei ikkje et på groane i staden for å eta lakselus. Det er også viktig å vera nøye med korleis vi tek opp død fisk frå merdane, sidan mange turar frå djupet og opp til overflata skader reinsefiskane.


Hugselappen

Reinsefisk et lakselus.

Vi kan nytte reinsefisk som ein del av ein strategi for å halde talet på lakselus nede.

Leppefisk er

  • blåstål og raudnebb
  • berggylt
  • bergnebb
  • grøngylt
  • grasgylt
CC BY-SASkrive av Åsta Bergmann Stølen.
Sist fagleg oppdatert 04.07.2017

Læringsressursar

Helse og velferd for fisk