Introduksjon
CC BY-SA 4.0
Lakselusa blir av mange rekna som den største utfordringa norsk oppdrettsnæring står overfor i dag. Næringa jobbar intenst med å finne berekraftige måtar å kjempe mot lakselus på.
Kvifor skal vi kontrollere lakselusa? For det første ønskjer vi å kontrollere lakselusa for oppdrettsfisken si skuld. Sår og skader som følgje av at lusa beitar på fisken, er smertefulle. Luselarvene klør og stressar fisken, og ein stressa fisk er meir utsett for å bli sjuk. For det andre ønskjer vi å kontrollere spreiinga av andre sjukdommar. Lusa kan tenkjast å kunne spreie sjukdommar frå anlegg til anlegg. Den tredje grunnen til å vilje kontrollere mengda lakselus er for å verne villfiskbestanden. Lusa som finst på oppdrettsfisken, kan smitte villfisken som sym utanfor merdane.
Når du har arbeidd med dette stoffet, skal du kunne
- forklare livssyklusen til lakselusa
- forklare kva skadar lusa påfører laksen
- forklare kva ein ektoparasitt er
- forklare korleis ein kontrollerer lusemengda på fisk i anlegget
- forklare kva som er utfordringa ved å nytte kjemikaliar mot lus
- vite kva rensefisk er, og kva dei gjer
- diskutere korleis næringa kan møte luseutfordringene