Hopp til innhald

Fagstoff

Vasskvalitet og vassbehandling

Å behandle vatnet vil seie å endre innhaldet av ulike stoff i vatnet. På ulike måtar kan vi styre temperaturen, oksygeninnhaldet, saltinnhaldet og pH-verdien i lukka anlegg. I opne anlegg kan vi ikkje styre verdiane på den måten, men må velje lokalitet ut frå det vi veit om vasskvaliteten på staden.

Sjølv om vatnet kjem frå ei god kjelde, er det ofte naudsynt å regulere nokre parameter. Abiotiske faktorar som temperatur, oksygen og pH må overvakast og justerast til optimale verdiar.

Oksygen og andre gassar

Som alle dyr må fisken ha oksygen for å halde stoffskiftet i gang. Oksygengassen – O2 – må vere oppløyst i vatnet for at fisken skal klare å ta han opp gjennom gjellene.

Det er mange ting som påverkar oksygenmengda i vatnet. Først og fremst forbruker både fisk og andre dyr oksygen, slik at mengda går ned. Planter og plankton produserer oksygen om dagen, men om natta forbruker dei oksygen akkurat som dyra.

Når vi transporterer vatn i rør, blir vatnet utsett for trykkforandring som påverkar gassinnhaldet i vatnet. Det gjer òg temperaturen, så når vi varmar opp vatn, blir det mindre gassar.

Vasskvaliteten i sjøanlegget

I eit sjøanlegg er det ikkje mogleg å styre vasskvaliteten på same måten som i eit landanlegg. For å sikre gode tilhøve for fisken i sjøanlegget må vi først og fremst velje lokalitetar der vi veit det er god gjennomstrøyming av friskt, reint sjøvatn. Den lange kysten med reint, friskt vatn er ein av suksessfaktorane for norsk oppdrettsnæring.

Eit anna viktig tiltak for å sikre vasskvaliteten er å halde nøtene reine og fri for groar. Vasslevande organismar som algar og blåskjel treng eit underlag å setje seg fast på, og nøter passar dei godt. Men dersom nøtene blir tetta av groar, hindrar det straumen av vatn.

Òg på sjøanlegget er det viktig å overvake ulike miljøparameter. Dersom temperaturen blir for høg, kan det bli lite oksygen. I periodar kan det vere mykje algar i vatnet som irriterer fisken. Då kan det vere naudsynt å stoppe fôringa.

Vasshentar. Foto

Feltarbeid

Ta ein tur på stranda og gjer deg kjend med biotiske og abiotiske miljøfaktorar i sjøen.
I artikkelen om vasskvalitet finn du ei skildring av utstyr og aktivitetar.

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen, Eli Skoglund og Maia Hoff.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2020

Læringsressursar

Helse og velferd for fisk