Hopp til innhald
Fagartikkel

Observasjonar i arbeidet

Som helsefagarbeidar er du saman med brukaren i mange ulike situasjonar i løpet av ein dag, og det er viktig at du observerer brukaren i denne tida. Observasjonane gir deg informasjon slik at du kan kartleggje dei individuelle ressursane og behova til brukaren.

Dei to viktigaste måtane å innhente informasjon om brukarar på er å observere og å samtale. For å observere må du nytte sansane dine.

Klinisk blikk

Å bli flink til å observere krev trening. Den som har lang erfaring, opparbeider seg eit "klinisk blikk", som betyr at ein veit kva ein skal sjå etter, og fort legg merke til endringar i tilstanden til brukaren.

Det kan få store konsekvensar for ein brukar viss du som helsefagarbeidar overser ein raud flekk på ein hæl, eller at du ikkje lyttar til signal som tyder på at han eller ho har smerter.

Det er viktig at du veit

  • kva du skal observere
  • korleis du skal observere
  • når du skal observere

Allmenntilstand

I denne samanhengen omfattar allmenntilstanden både den fysiske og den psykiske sida ved den generelle helsetilstanden til brukaren. Fleire forhold kan gi deg opplysingar om allmenntilstanden til brukaren, til dømes dette:

  • Kva meiner brukaren sjølv om sin eigen allmenntilstand?
  • Korleis er hudfarge, temperatur, blodtrykk, matlyst, vekt?
  • Tek brukaren ansvar for sin eigen personlege hygiene?
  • Korleis har brukaren det psykisk?

Trivsel

Det kan vere vanskeleg å observere om ein person trivst eller ikkje, sidan det er stor forskjell på korleis trivsel kjem til uttrykk. Likevel kan det vere nokre felles haldepunkt:

  • Kva og korleis svarer brukaren når du spør korleis vedkommande har det?
  • Verkar brukaren unormalt passiv eller trist?

Sjukdom, skade og andre formar for avvik

For å vite kva og korleis du skal observere i ulike situasjonar, må du ha kunnskap om vanlege sjukdomsteikn og avvik frå det normale. Viss du skal hjelpe ein pasient med ein bestemd sjukdom med morgonstellet, må du ha kunnskap både om den generelle helsa til personen og spesifikt om sjukdommen for å kunne gjere gode observasjonar.

Omgivnadene til brukaren

Observasjonar av omgivnadene til brukaren kan vere å leggje merke til forhold som

  • ramma rundt brukaren (nærleik, nabolag og miljø)
  • samhandling med familien, naboane og personalet
  • det sosiale nettverket til brukaren, buforhold og økonomi

Samarbeid

I arbeidet med å observere og kartleggje hjelpebehovet til brukaren er det viktig at du samarbeider tett med brukaren, pårørande og resten av personalgruppa. De må dele erfaringar med kvarandre og samanlikne observasjonar. Ei oppsummering av det de har kome fram til, blir rapportert og dokumentert slik at brukaren slepp å svare på dei same spørsmåla kvar gong det kjem nytt personale.

Utfordringar til deg

  1. Kva vil det seie å observere?
  2. Kvifor er det viktig å ha kunnskapar om både den generelle helsetilstanden til brukaren og eventuelle sjukdommar når du skal observere?
  3. Kvifor er det viktig å dokumentere og rapportere observasjonane du gjer?

Relatert innhald

Fagstoff
Observasjon

Observasjon ein sentral del av det daglege arbeidet for fagarbeidarar innan helse- og oppveksttenestene.

Fagstoff
Dokumentasjon sikrar kvalitet

Gjennom dokumentasjon skaper vi samanheng mellom det som vart planlagt, det som er utført, og det vidare arbeidet.

Skrive av Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2021