Oppgave
Kva og når skal du observere?
Observasjon er ein metode for å innhente opplysingar om allmenntilstanden, helsetilstanden og funksjonsnivået til brukaren slik at tenestetilbodet kan bli tilpassa til behova til den enkelte. Kva betyr det for deg i jobben som helsefagarbeidar?
- Kva inneber det å observere ein brukar eller pasient?
- Kvifor er det viktig å observere i ulike situasjonar og omgivnader?
- Beskriv ein situasjon der du som helsefagarbeidar kan observere ein brukar eller pasient.
- Kva for nokre generelle observasjonar kan du gjere i denne situasjonen?
- Kva observasjonar kan du gjere av helsetilstanden til brukaren?
- Kva gjer du med opplysingane du har fått gjennom observasjon av ein brukar?
- Objektiv og subjektiv observasjon og rapportering. Dersom du vil friske opp fagstoffet, kan du lese fagartikkelen frå Vg1 som du finn som relatert innhald.
- Bruk døme til å forklare skilnaden på objektiv og subjektiv observasjon og rapportering.
- Kvifor er det viktig at du som helsefagarbeidar observerer og rapporterer objektivt? Diskuter med ein medelev.
- Kva betyr det å utvikle "eit klinisk blikk"? Diskuter i klassen.
- Gjer denne dra-og-slipp-oppgåva om observasjon.
Relatert innhald
Fagstoff
ObservasjonObservasjon ein sentral del av det daglege arbeidet for fagarbeidarar innan helse- og oppveksttenestene.
Fagstoff
DokumentasjonspliktIfølgje lovverket har helsepersonell dokumentasjonsplikt – plikt til å gjere synleg det dei observerer og utfører knytt til ein pasient eller brukar.