Oppgåve
Lag ein pedagogisk pleieplan
Ein pedagogisk pleieplan gir god øving i bruk av problemløysande metode. I denne oppgåva skal du kartleggje behov og ressursar, føreslå tiltak og grunngi dei ut frå den faglege kompetansen din.

For nokre bebuarar på institusjonar er sosial kontakt det viktigaste behovet.
Ta utgangspunkt i situasjonsskildringa i fagartikkelen om problemløysande metode, om Sofie Olsen, eller ein brukar som du kjenner godt frå praksisstaden din.
Oppgåver
- Bruk den problemløysande metoden til å lage ein pedagogisk pleieplan for denne brukaren. Hugs faglege grunngivingar for tiltaka du føreslår.
- Gå saman i grupper.
- Kvar elev presenterer forslaget sitt til pleieplan for dei andre i gruppa.
- Diskuter dei føreslåtte tiltaka og grunngivingane for dei etter at kvar elev har presentert pleieplanen sin.
- Drøft korleis ein pleieplan kan vere nyttig for å planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eige arbeid.
Relatert innhald
Dokumentasjon sikrar kvalitet
Gjennom dokumentasjon skaper vi samanheng mellom det som vart planlagt, det som er utført, og det vidare arbeidet.