Hopp til innhald
Oppgave

Kva og når skal du observere?

Observasjon er ein metode for å innhente opplysingar om allmenntilstanden, helsetilstanden og funksjonsnivået til brukaren slik at tenestetilbodet kan bli tilpassa til behova til den enkelte. Kva betyr det for deg i jobben som helsefagarbeidar?

Oppgåver

  1. Kva inneber det å observere ein brukar eller pasient?
  2. Kvifor er det viktig å observere i ulike situasjonar og omgivnader?
  3. Beskriv ein situasjon der du som helsefagarbeidar kan observere ein brukar eller pasient.
    1. Kva for nokre generelle observasjonar kan du gjere i denne situasjonen?
    2. Kva observasjonar kan du gjere av helsetilstanden til brukaren?
  4. Kva gjer du med opplysingane du har fått gjennom observasjon av ein brukar?
  5. Objektiv og subjektiv observasjon og rapportering. Dersom du vil friske opp fagstoffet, kan du lese fagartikkelen frå Vg1 som du finn som relatert innhald.
    1. Bruk døme til å forklare skilnaden på objektiv og subjektiv observasjon og rapportering.
    2. Kvifor er det viktig at du som helsefagarbeidar observerer og rapporterer objektivt? Diskuter med ein medelev.
  6. Kva betyr det å utvikle "eit klinisk blikk"? Diskuter i klassen.
  7. Gjer denne dra-og-slipp-oppgåva om observasjon.

Relatert innhald

Fagstoff
Observasjon

Observasjon ein sentral del av det daglege arbeidet for fagarbeidarar innan helse- og oppveksttenestene.

Fagstoff
Dokumentasjonsplikt

Ifølgje lovverket har helsepersonell dokumentasjonsplikt – plikt til å gjere synleg det dei observerer og utfører knytt til ein pasient eller brukar.

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2021