Digital dokumentasjon og rapportering - Yrkesliv i helsearbeidarfag (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Digital dokumentasjon og rapportering

Digital rapportering gjer at du raskt og enkelt kan dele informasjon om observasjonar og tiltak med kollegaene dine. Som helsefagarbeidar må du derfor gjere deg kjend med systemet for dokumentasjon og rapportering på arbeidsstaden din.
Video: Terranova / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåver

Sjå filmen og jobb med oppgåvene.

  1. Korleis kan digital rapportering i heimebaserte tenester bidra til det følgjande?

    1. sikre kvaliteten på heimebaserte tenester
    2. vere arbeidssparande
    3. førebyggje avvik og uønskte hendingar
  2. Gjer deg kjend med systemet for dokumentasjon og rapportering som blir nytta på praksisstaden din, eller ved ein annan tenestestad i nærområdet ditt.

    1. Kva fordeler er det ved digital rapportering framfor i papirformat?
    2. Kva kan vere utfordrande ved bruk av digitale dokumentasjonssystem?

Relatert innhald

Fagstoff
Dokumentasjonsplikt

Ifølgje lovverket har helsepersonell dokumentasjonsplikt – plikt til å gjere synleg det dei observerer og utfører knytt til ein pasient eller brukar.

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2021