Tips og triks til geografilæraren

Kople fagstoffet til nærmiljøet
Ved å kople fagstoffet til nærmiljøet blir det lettare for elevane å forstå fagstoffet. Det blir òg lettare å skjønne korleis dei kan bruke fagkunnskap til å forklare korleis det ser ut andre stader.
Når du viser elveerosjon i elva ved skulen, forklarer ein arealkonflikt med døme frå lokalmiljøet eller eksemplifiserer klimatiltak med kollektivsatsinga i nærmiljøet, hjelper du elevane til å forstå.
Kom dykk ut
Geografifaget handlar om å forstå verda rundt oss. Derfor er det fint å komme seg ut av klasserommet i tillegg til det årlege feltarbeidet. Her er forslag til kva du og elevane kan gjere utanfor klasserommet ein heilt vanleg geografitime:
La elevane peike på ulike døme på naturressursar.
Undersøk kva for ytre krefter som påverkar området rundt skulen.
Gjennomfør ei enkel spørjeundersøking om forbruket til medelevar.
Finn døme på klimatiltak som er gjennomførte på skulen og områda rundt.
Konkretiser fagstoffet ved at du som lærer peiker på faktiske døme.
Vi har òg laga tips til ulike måtar å gjennomføre feltarbeid på, nokre store og nokre små. Det kan du lese meir om i artikkelen "Forslag til feltarbeid i geografi".
Varier undervisninga
Variasjon er alltid viktig. Innhaldet i geografifaget er variert i seg sjølv, men om du treng inspirasjon for å komme på varierte arbeidsmåtar, er dei grunnleggande ferdigheitene i læreplanen nyttig.
Det å lage ein debatt eller gi elevane roller i ein diskusjon kan bidra til å trene på munnlege ferdigheiter.
La elevane skrive eit lesarinnlegg om ein arealkonflikt, det trener skriveferdigheitene.
Om du finn ulike tekstar med ulike standpunkt om berekraftig utvikling, kan elevane øve seg på å lese, gjere seg opp eigne meiningar og utøve kjeldekritikk.
I mange emne i faget kan det å trekke inn og bruke figurar og statistikk vere spennande, og det kan trene elevane på å rekne i faget.
Dersom elevane bruker digitale kart eller lagar ein multimodal tekst, trener dei digitale ferdigheiter.
Konkrete forslag til variasjon i arbeidsmåtar
Her kjem ei liste med nokre konkrete oppgåver og aktivitetar i geografifaget på ndla.no. Desse døma kan vere mal for tilsvarande oppgåver òg i andre emne:
Lær fagomgrep på ein artig måte, som i oppgåva "Gul bolle – leik og lær fagomgrep".
La elevane lære og forstå gjennom å teikne, som i oppgåva "Teikn og forklar platetektonikk".
Hjelp elevane til å lære og forstå ved å lage fiktive bedrifter med konkrete oppgåver, som i oppgåva "Kvar vil du plassere butikken?".
Tren det geografiske blikket til elevane, som i oppgåva "Landskapet rundt oss".
Bruk puslespelmetoden for å kople saman fagemne, som i oppgåva "Nærmiljøet ditt 2.0: Arealkonsulentane".
La elevane vere kreative, som i oppgåva "Jobb kreativt med berekraft og det gode liv".
Legg opp heile eller delar av undervisninga som ein case med utgangspunkt i ein konkret stad. Kanskje kan du bruke casane våre som mal for ein eigen case om ein stad i nærområdet? Casane våre finn du i emnet "Bli med til Trondheim, Loen og Repparfjorden".
Artige måtar å starte timen på
Om du har ein litt artig måte å starte timen på, aukar sjansen for at elevane er på plass, engasjerte og skjerpa idet timen startar. Under er nokre forslag.
Dagens bilete
Start timen med eit bilete frå ein stad i verda. La elevane diskutere i par eller mindre grupper kvar i verda biletet er frå. Dei må grunngi forslaget sitt. La nokre av gruppene komme med grunngitte forslag før du seier kvar det er frå.
Du kan finne biletet sjølv, lage ein kollasj eller bruke tenester som Bing Wallpaper eller liknande. Du kan òg laste ned og gjenbruke bilete du finn på ndla.no. Klarer du å tippe kvar desse to bileta kjem frå? Viss ikkje finn du meir informasjon i boksen "Sitere eller gjenbruke?" nedst på sida. Der er det òg enkelt å laste ned bileta i høg oppløysing.
Vekas geografinyheit
Kvar veke skjer det noko i verda som kan knytast til eit eller fleire emne i geografifaget. Det kan vere ei sak om vêråret, eit jordskjelv, ein diskusjon om eldrebølge, ei naturhending eller arealkonflikt i nærmiljøet. Følg litt med både lokalt og globalt, og start timen med fem minutt om vekas geografinyheit.
Dette kan både skape litt engasjement på starten av timen og gjere faget aktuelt.
Gjett landet
Lag ein kollasj med tre–fire ting som er knytte til eit land, og be elevane tippe kva land det er.
Forslag til element å putte inn i kollasjen:
befolkningspyramide
omriss av landet
flagget (om det ikkje er for lett)
eit tal (befolkningsstorleik, areal, eit anna artig tal)
ein kjend person frå landet
eit kjent landemerke (noko i naturen eller eit kjent byggverk)
ei vare landet eksporterer mykje av
Kven skal ut?
Vis fire bilete og la elevane diskutere i grupper kven som skal ut. Dette kan brukast på fleire måtar og i mange faglege tema. Det kan vere bilete frå forskjellige land, bilete av ulike landsformer, bilete av naturressursar eller bilete av heilt ulike ting slik at elevane sjølv må finne koplingar.
Formålet er ikkje at elevane skal finne eit "fasitsvar", men at dei skal øve seg på å tenke, diskutere og argumentere. Derfor er det viktig at du som lærar heller ikkje presenterer eit av svara som fasit.
Kvar i all verda?
Start kvar time med ein presentasjon der eit bilete er skjult i starten. Etter kvart som du blar deg vidare i presentasjonen, visest meir og meir av biletet. Eleven som først tippar rett svar, får poeng, og du som lærar kan telje poeng gjennom året. Du kan gjerne bruke kjende stader, men òg stader de har snakka om i undervisninga. Under er eit døme på korleis det kan sjå ut.

