Teknologiutvikling

Korleis bidra til teknologiutvikling?
Korleis vart elsparkesykkelen til? Kvifor har så mange teke han i bruk så kjapt? Mange yrke bidreg når ny teknologi blir utvikla. Elsparkesykkelen, til dømes, kom rundt 2020. Han vart skapt av tusenvis av menneske med mange ulike yrke slik som ingeniørar, datautviklarar og marknadsførarar. Andre yrke er knytte indirekte til teknologiutviklinga slik som advokatar og byråkratar.
Diskuter
Diskuter i ei gruppe på to–tre personar. Kva utdanning ønsker du deg akkurat no? Forklar til dei andre kvifor du vil eller ikkje vil bidra til teknologiutviklinga i Noreg.
Oppfinnarar, designarar og innovatørar
Det er ikkje nødvendigvis slik at du utdannar seg til å utvikle nye teknologiar. Du kan utdanne deg til bilmekanikar og finne opp nye mobilappar, og du kan utdanne deg til norsklærar og bli ein innovativ influensar i motebransjen.
Likevel må du ha ei viss forståing for teknikkar og kunne samarbeide med ekspertar på teknologiutvikling. Ekspertar på teknologiutvikling i samfunnet i dag er særleg yrka oppfinnarar, designarar og innovatørar.
Oppfinnarar lagar heilt nye teknologiar ved å utforske alle mogelegheitene naturlovene gir.
Designarar gir ei fin og nyttig form til nye oppfinningar.
Innovatørar prøver å tene pengar på å spreie eit nytt produkt i samfunnet.
Diskuter
Diskuter i ei gruppe på to–tre personar. Viss du måtte velje, ville du drive med oppfinning, design eller innovasjon? Bruk definisjonane over.
Oversikt over emnet Teknologiutvikling
Emnet hjelper deg med å forstå kva som trengst for å kunne bidra til teknologiutvikling som teknologiekspert. Du kan lese artiklane kvar for seg eller i rekkefølge.
Kva lærer du?
Etter å ha arbeidet med emnet
veit du kva oppfinningar er, og kvifor det er så vanskeleg å lage dei i vår tid
kjenner du til dei viktigaste prinsippa for å designe gode produkt og kan vurdere produkt rundt deg i kvardagen
veit du forskjellen på kostnadene ved fysisk og digital innovasjon
forstår du korleis befolkninga tek i bruk nye produkt
Vil du lese meir?
Artiklane er laga med utgangspunkt i denne kjelda:
Nyre, L. (2024). Teknologi: En teknisk innføring. Universitetsforlaget.