Modist - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Modist

Modistar jobbar med design, utvikling og produksjon av hattar, hovudplagg og tilbehøyr. Dei driv òg med vedlikehald og reparasjon.

Modistfaget er eit tradisjonsrikt fag der du bruker ulike verktøy, teknikkar og maskiner i arbeidet. Modistar konstruerer mønster, pressar, strekkjer, draperer, modellerer og formar i eigna materiale. Du kan arbeide direkte mot kundar eller innan teater og film.

Eigenskapar

Som modist må du ha kunnskap om form, farge, design, kvalitet og funksjon. Du bør kjenne til historiske hovudplagg, motar og trendar.

Utdanning

Utdanninga for å bli modist er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i handvevarfaget kan du ta sveinebrev.


Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist fagleg oppdatert 30.06.2021