Kostymesyar - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kostymesyar

Ein kostymesyar lagar kostyme for kunstnariske uttrykksformer innan teater, film, tv, dans, opera, ballett, show, revy og reklame.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Som kostymesyar produserer du nye kostyme og forandrar og held ved like klede og eksisterande kostyme. Du jobbar med saum og andre teknikkar på ulike materiale. Kostyma skal fungere saman med hattar, sko eller anna tilbehøyr, så du må tenkje heilskap i arbeidet.

Eigenskapar

Du bør vere kreativ og systematisk, ha estetisk medvit og sans for form og farge. I arbeidet treng du kunnskap om særtrekka til kostyme ut frå tidsepoke, snitt, silhuett og materiale. Du må kunne kommunisere godt med designar, kunstnariske aktørar og andre kollegaer.

Som kostymesyar samarbeider du tett med kostymedesignaren. Her møter du Alva Brosten som jobbar som kostymedesignar ved Nationaltheatret. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Utdanning

Utdanninga for å bli kostymesyar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i kostymesyarfaget kan du ta sveinebrev.

Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2022