Strikkehandverkar - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Strikkehandverkar

Ein strikkehandverkar jobbar med å lage klede, stoff, interiørartiklar og utsmykkingar ved hjelp av strikking. I arbeidet blir det brukt tradisjonelle, manuelle teknikkar og verktøy, men også dataprogrammerte handstrikkemaskiner.

Strikkefaget gir eit godt grunnlag for design og produksjon av klede og tilbehøyr i motebiletet i dag og til tradisjonelle drakter og bunader.

Eigenskapar

Som strikkehandverkar må du ha eit godt handlag og kunne bruke ulike typar verktøy, tekstilfibrar, maskiner og teknikkar. Du bør ha god form- og fargesans, følgje med på trendar og motar og ha eit medvite forhold til historie og tradisjonar i strikkefaget.

Utdanning

Utdanninga for å bli strikkehandverkar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i strikkefaget kan du ta sveinebrev.

Relatert innhald

Fagstoff
Strikkedesign

Følg designprosessen til to strikkeplagg. Liv Inger Espedal viser korleis eit foto av Operaen i Oslo vart utgangspunkt for å designe ein strikkegenser.

Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist fagleg oppdatert 29.06.2021