Bilsalmakar - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Bilsalmakar

Ein bilsalmakar jobbar med å produsere, reparere og restaurere ulike køyretøy. Bilsalmakaren byggjer opp, konstruerer og syr interiør og eksteriør til ulike framkomstmiddel. Det kan til dømes vere å trekkje veggar eller å lage sete, kalesjar og varetrekk.

Bilsalmakarfaget

Som lærling i salmakarfaget lærer du både tradisjonelle og nye saum- og formingsteknikkar. Dette blir brukt både til nyproduksjon og reparasjonar. Du må vere nøyaktig og ha godt handlag.

Ein bilsalmakar bruker eit breitt utval av kunst- og naturmateriale. Du treng derfor materialkunnskap om hud, møbelstoff og kunstskinn. Gjennom praktisk arbeid lærer du samanhengen mellom materialval og varige salmakarprodukt. Produkta blir bestilte både av private og offentlege kundar.

Utdanning

Utdanninga for å bli bilsalmakar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i bilsalmakarfaget kan du ta sveinebrev.

Relatert innhald

Fagstoff
Saum og tekstilhandverk

Tekstilhandverk er eit skapande og fremtidsretta fag. Etter saum og tekstilhandverk i Vg2, kan du velje mellom elleve forskjellige lærefag.

Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2021