Buntmakar - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Buntmakar

Ein buntmakar lagar, reparerer og sel pelskåper, jakker, huver og andre produkt av pels og skinn.

Arbeidsoppgåver

Buntmakaren skjer til og saumar, forandrar og reparerer klesplagg av pelsverk. Vanlege arbeidsoppgåver for ein buntmakar er å sortere og klargjere skinnet, kutte og saume plagget etter mønster, reparere, forandre, halde ved like og reinse skinnplagga. Ein buntmakar må kunne rettleie kundar i val av skinn.

Eigenskapar

Som buntmakar må du vere kreativ og ha formsans. Du må like å omgåast menneske og vere interessert i design og mote. Du bør ikkje ha allergi mot dyr. Ein buntmakar må ha nøyaktigheit og presisjon i faget. Gode teikneferdigheiter og saumkunnskap er ein føresetnad.

Utdanning

Utdanninga for å bli buntmakar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i buntmakarfaget kan du ta sveinebrev.



Relatert innhald

Fagstoff
Saum og tekstilhandverk

Tekstilhandverk er eit skapande og fremtidsretta fag. Etter saum og tekstilhandverk i Vg2, kan du velje mellom elleve forskjellige lærefag.

Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2021