Kjole- og draktsyar - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjole- og draktsyar

Kjole- og draktsyarar lagar alle slags dameklede etter mål. Dei bidreg til nyskaping i framstillinga av tradisjonelle og nye dameklede. I tillegg jobbar dei med omsaum og reparasjonar.
Eileen Verde gir oss eit innblikk i kvardagen sin som kjole- og draktsyar hos Tine Solheim. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Kjole- og draktsyarar jobbar med kvalitetsklede. Dei skal dekkje behovet for handsydde dameklede og tilpasse passform, modell og farge- og materialval til ulike kundar. I dette arbeidet treng dei kunnskap om tradisjonelle saumteknikkar, materiale, motar, trendar og stilartar.

Eigenskapar

Du bør vere kreativ, ha godt handlag og kunne både jobbe sjølvstendig og samarbeide med andre.

Utdanning

Utdanninga for å bli kjole- og draktsyar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i kjole- og draktsyarfaget kan du ta sveinebrev.

Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist fagleg oppdatert 30.06.2021