Handvevar - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Handvevar

Ein handvevar vev tekstil til bunader, klede, dukar, utsmykkingar og dekorasjonar. Produkta er både tradisjonsbaserte og nyskapande og blir vovne på ein manuell vevstol.

God design og veving av spesielle stoff som det ofte er vanskeleg eller ulønsamt å produsere for industriverksemder, er oppgåver for handvevaren. Det kan vere kyrkjetekstilar, tekstilar til heimen, utsmykkingstekstilar, metervarer til designklede og bunader.

Eigenskapar

Du må ha god materialkunnskap og kjennskap til ulike veveteknikker, og kunne analysere og rekonstruere originalstoff. I tillegg bør du følgje trendar innan mote og interiør, ha god farge- og formsans og vere nøyaktig og kreativ.

Utdanning

Utdanninga for å bli handvevar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i handvevarfaget kan du ta sveinebrev.


Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist fagleg oppdatert 29.06.2021