Forklaringsartikkel
Rpm – rotasjonar per minutt
Rpm er ei forkorting for rotasjonar per minutt og kjem frå det engelske revolutions per minute. Det er tilrådd å forkorte til r/min på norsk. Ofte blir o/min òg brukt, som kjem frå omdreiingar per minutt.
Rpm blir brukt som ei måleining på hastigheita til noko som roterer med jamn hastigheit rundt ein akse.