Grammatikk: Presens perfektum 2
Verb med perfektum partisipp utan ge-
Nokre verb tek ikkje ge- i perfektum partisipp. Det er
verb som begynner på forstavingane be-, er- og ver-.
besuchen – besucht
erzählen – erzählt
verlieren – verloren
verb som allereie begynner på ge- i infinitiv:
gewinnen – gewonnen
verb som endar på -ieren:
studieren – studiert
trainieren – trainiert
Øving 2
Skriv partisippformene.
Presens perfektum med sein
Verb som uttrykker ei rørsle, tek sein som hjelpeverb i presens perfektum. Døme: fahren, fliegen gehen, laufen, kommen
Ich bin nach Berlin gefahren. Eg har reist til Berlin.
Er ist zu Fuß gegangen. Han har gått til fots.
Wir sind nach Hause gekommen. Vi har komme heim.
I tillegg er det nokre få andre verb som tek sein som hjelpeverb. Desse lærer du etter kvart.
Øving 3
Repeter presensformene av verbet sein.
Øving 4
Øv på nokre rørsleverb! Lær deg dei sju verba under. Jobb gjerne i par og spør kvarandre.
norsk | infinitiv | perfektum |
|---|---|---|
| dra, køyre, fare | fahren | ist gefahren |
| fly, ta fly | fliegen | ist geflogen |
| gå | gehen | ist gegangen |
| komme | kommen | ist gekommen |
| springe, løpe | laufen | ist gelaufen |
| spasere | spazieren | ist spaziert |
| vandre, gå tur | wandern | ist gewandert |
Øving 5
Gjer om setningane frå presens til presens perfektum. Hugs at rørsleverb tek hjelpeverbet sein i presens perfektum.
Øving 6
Haben eller sein som hjelpeverb?
Øving 7
Gjer om setningar frå presens til presens perfektum. Døme:
Ich trinke eine Cola.
Ich habe eine Cola getrunken.
Klarer du å løyse oppgåva heilt på eiga hand?
Litt ekstra for språknerdane!
Lær litt meir om presens perfektum i tysk (og norsk). Start gjerne med å sjå filmen (lengde 1:25) om Emilie og Julie ein gong til.
Presens oder presens perfektum?
I videoklippet snakkar Julie og Emilie blant anna om fotball. Dei to er flinke i tysk, men her gjer dei ein feil som er typisk for personar med norsk som morsmål.
Begge jentene speler fotball. Emilie har spelt fotball i ti år, Julie i tolv år.
Emilie seier: "Ich habe ungefähr zehn Jahre gespielt."
Julie seier: "Ich habe seit zwölf Jahren gespielt."
Ein tyskar som høyrer dette, vil tenke at dei to ikkje lenger speler fotball. På tysk må vi nemleg bruke presensform av verbet når vi snakkar om noko vi framleis held på med:
"Ich spiele seit ungefähr zehn Jahren."
"Ich spiele seit zwölf Jahren."
Regelen for tysk blir derfor:
Vi bruker presens perfektum når handlinga er avslutta.
Vi bruker presens når handlinga begynte i fortida og framleis ikkje er avslutta.
Kva blir regelen for norsk?
Sett om setningane nedanfor til norsk:
Wie lange spielst du schon Fußball?
Ich spiele schon seit zehn Jahren Fußball.
Wie lange hast du Fußball gespielt?
Ich habe zehn Jahre lang Fußball gespielt.
Sett opp ein regel for norsk:
Vi bruker ... når handlinga er avslutta.
Vi bruker ... når handlinga begynte i fortida og framleis ikkje er avslutta.

