Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Grammatikk: Presens perfektum 1

Lær å lage presens perfektum. Dette er den vanlegaste fortidsforma i munnleg tysk.

Hast du diesen Song schon gehört?

Har du høyrt denne songen før?

Hast du schon Vokabeln geübt?

Har du allereie øvd på glosene?

Kva er presens perfektum?

Presens perfektum er ei fortidsform av verbet. Vi bruker ho for å snakke om noko som har hendt:

  • Was hast du am Wochenende gemacht?

  • Ich habe meine Großeltern besucht.

  • Ich habe Gitarre geübt.

Presens perfektum består av eit hjelpeverb (vanlegvis haben) og perfektum partisipp av hovudverbet: gemacht, besucht, geübt. Hovudverbet fortel oss kva som har hendt.

Øving 1

Kjenner du igjen perfektum partisippa? Test deg sjølv!

Tips

Perfektum partisipp er den forma du kan sette har eller er framfor.

Øving 2

Kjenn att hjelpeverb og hovudverb.

Oppgåva som vanleg tekst

Finn både hjelpeverb og hovudverb i setningane under:

  1. Har de nokon gong vore i Australia?

  2. Vi har besøkt han på sjukehuset.

  3. Deltakarane har ete og sove godt og er klare for toppturen.

  4. Dei har drege på ferie.

  5. Eg vil bake browniar, men eg har aldri gjort det før.

  6. Kven har sagt at strikking er kjedeleg?

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Korleis lagar vi perfektum partisipp i tysk?

Perfektum partisipp av regelrette verb dannar vi slik:

  • Først står forstavinga ge-.

  • Så følger verbstammen. Verbstammen er verbet utan endingar:
    mach-, spiel-, chill-
    , chatt-, arbeit-, -

  • Til slutt legg til til endinga -t. Då får vi: gemacht, gespielt, gechillt.

  • Viss verbstammen endar på ein -d eller -t, legg vi til -et: gechattet, gearbeitet, gebadet

Øving 3

Klarer du å lage perfektum partisipp av regelrette verb?

Øving 4

Hugsar du korleis du bøyer verbet haben i presens? Dette verbet treng du som hjelpeverb når du lagar presens perfektum.

Perfektum partisipp sist i setninga!

I tysk står perfektum partisipp heilt sist i forteljande setningar og spørsmål:

  1. Ich habe eine Bluse gekauft. Eg har kjøpt ein bluse.

  2. Was habt ihr heute gemacht? Kva har de gjort i dag?

  3. Hast du Fußball gespielt? Har du spelt fotball?

Finn ut!

Sjå på dei norske dømesetningane over. Klarer du å formulere ein regel for plassering av perfektum partisipp i norske forteljande setningar og spørsmål?

Svar

  • I norske forteljande setningar står perfektum partisippet rett etter hjelpeverbet.

  • I spørsmål står perfektum partisippet rett etter subjektet.

Øving 5

Lag presens perfektum-former.

  1. Gjer øvinga.

  2. Sett om setningane til norsk, og sjekk at du forstår alle orda.

Øving 6

Jobb saman to og to.

  • Les setninga høgt.

  • Gjer ho om til ei setning i presens perfektum. Sei svaret høgt.

  • Snu kortet og sjekk om svaret stemmer overeins med fasiten.

Perfektum partisipp av uregelrette verb

  • Perfektum partisipp av uregelrette verb endar på -en. Døme:

    • gelesen

    • gekommen

  • Perfektum partisipp av uregelrette verb har ofte ein annan vokal enn infinitiven. Døme:

    • gewinnen – gewonnen

    • schreiben – geschrieben

    • helfen – geholfen

Øving 7

Lær deg dei tolv uregelrette verba i tabellen under. Nokre av dei er nye i denne leksjonen, nokre er tekne med fordi dei er mykje brukte. Jobb gjerne i par og følg forslaget til framgangsmåte.

Råd til framgangsmåte

  1. Begynn med å lære kva verba betyr. Gå gjennom infinitivsformene. Les både det norske og det tyske verbet høgt.

  2. Gjennomfør munnlege gloseprøver: Elev A sit med pc-en og les opp eitt og eitt av dei tyske verba, gjerne i tilfeldig rekkefølge. Elev B set om til norsk. Byt roller etter seks verb.

  3. Lær no partisippa. Gå gjennom heile lista og les kvar infinitiv og tilhøyrande partisipp høgt: essen – gegessen osv.

  4. Test kvarandre: Elev A sit med pc-en og seier eit tysk verb i infinitiv, elev B seier det tilhøyrande partisippet. Byt roller etter seks verb.

tolv uregelrette verb

norsk

infinitiv

perfektum partisipp

å eteessengegessen
å køyre, å drafahrengefahren
å gigebengegeben
å gågehengegangen
å vinnegewinnengewonnen
å hjelpehelfengeholfen
å kommekommengekommen
å leselesengelesen
å soveschlafengeschlafen
å skriveschreibengeschrieben
å sjåsehengesehen
å drikketrinkengetrunken

Er hat den gewonnen.

Han har vunne løpet.

Sie hat viele Bücher gelesen.

Ho har lese mange bøker.

Øving 8

Kan du dei uregelrette partisipp-formene nå? Prøv å skrive dei utan å sjå på tabellen!

Øving 9

Trykk på partisippforma som er korrekt. Obs! Øvinga inneheld både regelrette og uregelrette verb.

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 06.08.2026