Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Grammatik: Preteritum av sein og haben

To verb som du ikkje kan klare deg utan!

Verba sein og haben

Verba sein (å vere) og haben (å ha) er dei mest brukte verba i det tyske språket. Både presensformene ist (er) og hat (har) og preteritumsformene war (var) og hatte (hadde) høyrer til dei hundre mest brukte orda i tysk. Veldig få andre verb er med på denne eksklusive lista. Derfor er det smart å lære seg å bøye sein og haben i presens og preteritum!

Preteritumsform av sein og haben

I munnleg tysk bruker vi til vanleg presens perfektum om noko som allereie har hendt:

  • Ich habe gestern einen Film .

  • Was hast du am Wochenende ?

Men verba haben og sein bruker vi vanlegvis i preteritum sjølv om vi elles uttrykker oss i presens perfektum. Til dømes seier vi gjerne ich war i staden for ich bin gewesen eller er hatte i staden for er hat gehabt.

  • Ich war im Kino. (Ich bin im Kino gewesen.)

  • Wir hatten eine Geburtstagsparty für Magda. (Wir haben eine Geburtstagsparty für Magda gehabt.)

Preteritum av "sein" og "haben"

sein

haben

ichwarhatte
duwarsthattest
er, sie, eswarhatte
wirwarenhatten
ihrwarthattet
sie, Siewarenhatten
Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Øving 1

Øv på å bøye sein og haben i preteritum. Repeter øvinga til du klarer å få endingane rett utan å sjå på tabellen.

Tekstversjon

Legg til rett preteritumsform av verbet sein etter pronomenet:

  1. wir

  2. es

  3. ich

  4. ihr

  5. Sie (høfleg form)

  6. du

Legg til rett preteritumsform av verbet haben etter pronomenet:

  1. Sie (høfleg form)

  2. ich

  3. er

  4. wir

  5. du

  6. ihr

Fyll inn rett preteritumsform av verbet sein:

  1. Mein Bruder und ich ... heute in Stavanger.

  2. Kurt und Johannes, wo ...ihr am Sonntag?

  3. Oma und Opa ... im Sommer in Norwegen.

  4. Meine Schwester ... am Montag im Kino.

  5. Alle meine Freunde ... auf der Party.

  6. Berlin ... einfach fantastisch!

Fyll inn rett preteritumsform av haben:

  1. Meine Familie ... ein Sommerhaus in Grong.

  2. Marco ... einen Hund.

  3. Mohammed und Ayla ... einen Volkswagen.

  4. Deine Tante ... Konzertkarten.

  5. Meine Freunde und ich ... am Wochenende viel Spaß zusammen.

  6. ... ihr im April viele Prüfungen?

Fyll inn rett form av haben eller sein:

  1. Ich ... mit meinem Hund spazieren.

  2. Hans ... nur wenig Freizeit.

  3. Meine Freunde und ich ... Lust auf Kaffee

  4. und Kuchen.

  5. Gestern ... Maria sehr müde.

  6. Die Schüler ... heute keine Prüfungen.

  7. Wo ... du Pizza essen?

  8. Anna ... am Montag frei.

  9. Markus ... gestern fünf Stunden am Computer.

  10. Das Konzert gestern ... wirklich super!

  11. Tom und ich ... eine Woche in Schweden.

  12. Wann ... ihr bei Oma?

  13. Ich ... heute einen langen Tag.

Øving 2

Jobb gjerne saman to og to.

  • Les setninga høgt og sett ho om til norsk. Vel i-ikonet for å samanlikne med fasiten.

  • Gjer deretter setninga om frå presens til preteritum. Sei svaret høgt.

  • Snu kortet og sjekk om svaret stemmer overeins med fasiten. Gå vidare til neste kort.

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 07.06.2026