Grammatikk: Å fortelje kva du liker
Mögen
På tysk bruker vi ofte verbet mögen for å uttrykke at vi liker eller ikkje liker noko(n):
Ich mag dich.
Er mag sie nicht.
Magst du Pizza?
Nein, Pizza mag ich nicht.
Nein, ich mag keine Pizza.
Pass på!
"Pizza mag ich nicht" har alltid generell betydning: Du liker ikkje pizza, og dermed basta.
"Ich mag keine Pizza" kan ha generell betydning, men i tillegg kan setninga bety at du ikkje vil ha pizza akkurat no.
PS Vær høfleg!
Det er lurt å svare litt meir forsiktig når du avviser mat, til dømes: "Nein, Pizza mag ich nicht so gern."
Øving 1
Verbet mögen har ikkje heilt regelrett bøying. Prøv om du får tenkt deg fram til dei rette formene! Hugs mellom anna at
-st er endinga til 2. person eintal (du)
-en er endinga til 1. person fleirtal (wir) og 3. person fleirtal (sie)

Lieben
Lieben er nokre hakk meir intenst enn mögen, akkurat som å elske samanlikna med å like eller å vere glad i. Du kan i grunnen bruke dette verbet til å uttrykke sterke kjensler om det meste:
Ich liebe Müsli mit Früchten!
Wir lieben unseren Hund!
Theo liebt Paula.
Øving 2
"Eg liker å ..."
Når vi snakkar om noko vi liker eller ikkje liker å gjere, bruker vi på tysk helst gern eller nicht gern:
Ich tanze gern. (Eg liker å danse.)
Wir essen gern Kuchen. (Vi liker å ete kake.)
Die Kinder singen nicht gern. (Barna liker ikkje å synge.)
Pass på!
Det er ikkje feil å seie: Ich mag (nicht) tanzen. Men då tenker vi ofte på situasjonen her og no: Det er akkurat no du (ikkje) har lyst til å danse.
Ich tanze (nicht) gern derimot er alltid ei generell utsegn som gjeld uavhengig av situasjonen.
Øving 3
Øving 4
Rett rekkefølge

