Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Hast du Zeit? Kommst du mit?

Gjer avtalar med venner! Lær å avtale tid, stad og aktivitet.

Arbeidsmåte

Her jobbar du med fem korte videoar der ungdommar planlegg kva dei skal gjere på fritida. Her er nokre lure læringsstrategiar:

  1. Før du ser videoen: Tenk på kva du sjølv ville sagt i ein slik situasjon. Kva slags informasjon ville du spurt etter? Les òg spørsmåla du skal svare på i etterkant. (Då veit du kva du må fokusere på.)

  2. Les kroppsspråket til folk. Utstråler dei glede og positivitet, eller verkar dei avvisande og negative?

  3. Lytt konsentrert. Legg merke til kjende ord, og fokuser på det du forstår.

  4. Sjå videoen på nytt, og ta notat: Prøv å forstå ukjende ord ut frå samanhengen, og noter detaljar som namn, tidspunkt og stad.

  5. Svar på spørsmåla til videoen.

  6. Les dialogen med fordelte roller, og sett inn opplysningane som manglar. Bruk gjerne eigne namn. Les med innleving og god uttale. Omsett så dialogane til god norsk.

1. Habt ihr heute Zeit?

Sjå filmen (lengde 0:26), og finn ut:

  1. Kva heiter dei tre ungdommane?

  2. Kven kjenner kven frå før, og kven blir presenterte for kvarandre?

  3. Kva aktivitet blir foreslått, og kven kjem med forslaget?

  4. Kva synest dei andre om forslaget?

  5. Når og kvar skal dei møtast?

Video: Martin Aune Walther, Julia Kleven / CC BY-SA 4.0

2. Sollen wir zusammen lernen?

Sjå filmen (lengde 0:23), og finn ut:

  1. Når skal Tov og Magnus møtast?

  2. Kvar skal dei møtast?

  3. Kva skal dei gjere?

Video: Martin Aune Walther, Julia Kleven / CC BY-SA 4.0

3. Hast du heute Zeit?

Sjå filmen (lengde: 0:23), og finn ut:

  1. Passar det for Jonas å møtast i dag?

  2. Kva må Jonas gjere?

  3. Når avtaler dei å møtast?

Video: Martin Aune Walther, Julia Kleven / CC BY-SA 4.0

4. Kommst du mit ins Eastgate?

Sjå filmen (lengde 0:23), og svar på spørsmåla:

  1. Kva er det Cedric spør Jonas om?

  2. Kan Jonas bli med?

  3. Kven må han spørje?

  4. Kvar skal dei møtast? Når skal dei møtast?

Video: Martin Aune Walther, Julia Kleven / CC BY-SA 4.0

5. Kommst du auch mit?

Sjå filmen (lengde 0:28) og finn ut:

  1. Kva er det Cedrik spør Viviane om?

  2. Får ho lov til å bli med?

  3. Kven må ho spørje?

  4. Avtaler dei noko?

Video: Martin Aune Walther, Julia Kleven / CC BY-SA 4.0

Vokabeln

die Verabredung
avtale (om å møtast på fritida)
kennenlernen
å bli kjend med
heute
i dag
die Zeit
tid
wo
kvar
wann
når
so gegen sechs
i sekstida
sollen (wir sollen)
å skulle (vi skal)
morgen
i morgon
Um wie viel Uhr?
Kva klokkeslett? Når?
passt
det passar
leider
dessverre
müssen (ich muss)
å måtte (eg må)
kein Problem
ikkje noko problem
nächstes Mal
neste gong
mitkommen
å bli med
fragen (zu Hause fragen, meine Eltern fragen)
å spørje (spørje heime, spørje foreldra mine)
dürfen (ich darf)
å få lov (eg får lov)
sich treffen (wir treffen uns)
å møtast (vi møtest)
am Haupteingang
ved hovudinngangen
bis dann
sest seinare
sich (über etwas) freuen
å glede seg (over noko)
schade
synd
müssen (ich muss)
å måtte (eg må)

Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist oppdatert 22.05.2026