Grammatikk: Modale hjelpeverb
Kva er modale hjelpeverb?
Modale hjelpeverb står som regel saman med eit hovudverb i infinitiv:
Ich muss gehen. Eg må gå. / Eg er nøydd til å gå.
Du kannst schwimmen. Du kan svømme. / Du er i stand til å svømme.
Bruk og betydning
Modale hjelpeverb kan for eksempel uttrykke
eit ønske: Eg vil bli flink i tysk.
ei plikt: Du må gå tur med bikkja kvar onsdag.
eit forbod: De må ikkje ete opp all sjokoladen!
ei befaling: Mor seier at du skal gå og tømme søpla.
eit løyve: Ho får dra på kino saman med gjengen.
ei evne eller ferdigheit: Er det sikkert at han kan svømme?
ei antaking: Det kan stemme at han er 18 år.
eit forslag: Skal vi gjere lekser saman?
Presens av modale hjelpeverb
På tysk har vi til saman seks modale hjelpeverb. Mögen (å like) har du allereie jobba litt med. Dei andre modale hjelpeverba er dürfen (å få lov til), können (å kunne), müssen (å måtte), sollen (å skulle/burde) og wollen (å vilje). No skal vi sjå nærmare på alle saman.
infinitiv | dürfen | können | mögen | müssen | sollen | wollen |
|---|---|---|---|---|---|---|
ich | darf | kann | mag | muss | soll | will |
du | darfst | kannst | magst | musst | sollst | willst |
er, sie, es | darf | kann | mag | muss | soll | will |
wir | dürfen | können | mögen | müssen | sollen | wollen |
ihr | dürft | könnt | mögt | müsst | sollt | wollt |
sie/Sie | dürfen | können | mögen | müssen | sollen | wollen |
Øving 1
Modale hjelpeverb treng du ofte når du snakkar og skriv. Derfor er det lurt å pugge dei. Gå i gang!
Øving 2
Kan du bøye modale hjelpeverb no? Test deg sjølv!
Øving 3
Skriv inn rett form at det modale hjelpeverbet.
Les setningane høgt og sett dei om til norsk.
Plasser infinitiven på rett stad!
Når ei setning inneheld eit modalt hjelpeverb og eit hovudverb i infinitiv, utgjer dei to verbformene saman verbalet i setninga. Vi seier då at setninga har samansett verbal.
Men det er éin viktig forskjell mellom tysk og norsk: I tyske heilsetningar står infinitiven heilt til slutt. Det gjer han ikkje i norsk. Samanlikn eksempelsetningane:
type setning | tysk | norsk |
|---|---|---|
forteljande setning | Du kannst nach Hause gehen. | Du kan gå heim. |
| Wir dürfen heute Würste grillen. | Vi får lov til å grille pølser i dag. | |
spørjesetning | Wollt ihr mit uns mitfahren? | Vil de køyre med oss? |
| Musst du heute arbeiten? | Må du jobbe i dag? |
Finn ut!
Kva verb i eksempelsetningane er bøygde i presens? Og kva verb står i infinitiv?
Wir arbeiten.
(Vi jobbar.)
Wir müssen arbeiten.
(Vi må jobbe.)
Wann kommt Adrian?
(Når kjem Adrian?)
Ich mache heute Frühstück.
(Eg lagar frukost i dag.)
Können die Kinder schwimmen?
(Kan barna svømme?)
Darf ich ein Eis essen?
(Får eg lov til å ete ein is?)
Øving 4
Setningar med modalt hjelpeverb
Tips
Viss setninga inneheld informasjon om både tid og stad for handlinga: først tid, så stad.
Hugsar du?
Laust samansette verb skriv vi som to ord i presens: ich stehe auf, du kommst mit
Infinitivsforma av laust samansette verb skriv vi som eitt ord: aufstehen, mitkommen
Øving 5
Jobb gjerne i par.
Les setninga på kortet høgt og sett ho om til norsk. Vel i-ikonet for å sjekke omsettinga.
Gjer om setninga ved å legge til müssen. Eksempel:
Anna steht früh auf.
Same setning, men med müssen: Anna muss früh aufstehen.
Snu kortet og samanlikn svaret ditt med setninga som står på baksida.
Dürfen, können og müssen
Können bruker vi på omtrent same måten i norsk og tysk, men du må lære deg korleis du bruker dürfen og müssen rett.
betydning | tysk | norsk |
|---|---|---|
| moglegheit, antaking | Das kann stimmen. | Det kan stemme. |
evne, ferdigheit | Wir können schwimmen. | Vi kan svømme. |
løyve | Ihr könnt jetzt Pause machen. | De får ta pause no. |
løyve | Sie darf mitkommen. | Ho får (lov til å) bli med. |
forbod | Er darf nicht mitkommen. | Han får ikkje (lov til å) bli med. |
plikt | Ich muss Gitarre üben. | Eg må øve på gitaren. |
å sleppe ei plikt | Du musst nicht üben. | Du treng ikkje øve. |
antaking | Der Baum muss sehr alt sein. | Treet må vere veldig gammalt. |
Øving 6
Øv på verba können, müssen og dürfen.
Øving 7
Sett om setningane til norsk. Kva kan modalverbet i setningane uttrykke?
Können wir eine Pause machen?
Ola kann sehr gut Deutsch sprechen.
Ab 16 darf man in Deutschland Wein und Bier trinken.
Ihr müsst auf die Prüfung lernen.
Kinder dürfen nicht rauchen.
Wo kann man hier einen Kaffee trinken?
Ich muss um 22 Uhr zu Hause sein.
Du musst nicht aufessen.
Bruk av sollen og wollen
Dei modale hjelpeverba sollen og wollen blir ikkje brukt heilt likt i tysk og norsk:
betydning | tysk | norsk |
|---|---|---|
| ordre, befaling | Mutter sagt, du sollst sofort kommen! | Mor seier at du skal komme med éin gong! |
antaking | Sie soll sehr nett sein. | Ho skal vere / er visstnok veldig hyggeleg. |
oppfordring | Sollen wir zusammen lernen? | Skal vi lese lekser saman? |
sterkt ønske | Ich will Deutsch lernen. | Eg vil lære tysk. |
sterk motvilje | Ich will nicht nach Hause gehen! | Eg vil ikkje gå heim! |
Sollen og wollen kan ikkje brukast for å uttrykke framtid slik som i norsk. For å uttrykke framtid bruker tyskarane tidshjelpeverbet werden. (Det lærer du om seinare.) Eller dei bruker heilt enkelt presens og eit tidsledd som fortel når noko skal skje:
Wir kommen morgen zu dir. Vi kjem til deg i morgon.
Im Sommer fahren wir nach Italien. Til sommaren dreg vi til Italia.



